Stillingsbeskrivelse

Published 10-10-2024
Deadline: 24-10-2024

 

Hjarteposten søkjer ein engasjert helsefagarbeidar 

Er du ein helsefagarbeidar med eit sterkt engasjement for fag og pasientomsorg? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!

Vi søkjer deg som som brenn for å gjere ei forskjell i pasienten sitt liv!

Hos oss jobber du i 2-delt turnus (dag-kveld og kvar 3. helg). Vi kan tilpasse
startdatoen etter behov.

Hjarteposten vår spesialiserer
seg på behandling av pasientar med indremedisinske tilstandar, spesielt
kardiologiske utfordringar som akutt hjerteinfarkt, hjarterytmeforstyrringar og
hjertesvikt. I Medisinsk intermediær overvaking (MIO) gir vi omsorg og
behandling til pasientar som treng kontinuerleg overvaking for alvorlege
tilstandar som ketoacidose, intox og sepsis.

I vår avdeling vil du oppleve eit sterkt fokus på fagleg kvalitet og samarbeid i team. Hos oss blir du del av  eit støttande
arbeidsmiljø der dyktige kollegaer gjer kvardagen meiningsfull.

Avdelinga er i spennande utvikling, med planar om utviding og flytting til nye, moderne lokaler.

Bli med oss for å sikre at pasientane får
best mogleg omsorg og behandling under opphaldet hos oss.

Søk no og bli ein del
av vårt dyktige team! 

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp pasientar med fokus på individuell omsorg 
  • Aktivt bidra til utviklings- og forbedringstiltak i avdelinga
  • Praktisere høg yrkesetikk og tilby heilheitlig pleie
  • Samarbeide tverrfagleg for best mogleg pasientbehandling
  • Veilede og støtte lærlingar i deira utvikling

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent helsefagarbeidar.
  • Gode datakunnskapar.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar med morsmål andre enn norsk, svensk eller dansk, som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten eller ein annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan det unntaksvis, i særlege tilfelle, gjerast avvik frå kravet om bestått norsktest på B2-nivå.

Personlege eigenskapar

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar!

Hos oss er det viktig at du:

  • er fleksibel og trivst med variasjon i arbeidsoppgåvene.
  • er ein dyktig samarbeidspartnar med god arbeidsmoral, ståpåvilje og ansvarsbevisstheit.
  • er løysingsorientert og likar å jobbe i eit tverrfagleg og fleirfagleg miljø prega av høgt tempo, saman med entusiastiske og fagleg dyktige kollegaer.
  • brenn for utvikling og nytenking, og held deg fagleg oppdatert.
  • har sterke kommunikasjonsevner som bidrar til gode og trygge pasientforløp.
  • har evne til å prioritere oppgåver under høg aktivitet.
  • er ein engasjert teamarbeidar som alltid er villig til å støtte kollegaene dine.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og utviklande arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå.
  • Faglege utfordringar og utvikling i eit trygt og tverrfagleg miljø.
  • Mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Kompetanseplanar utarbeidd individuelt i samsvar med behova i organisasjonen
  • Medlemskap i pensjonsordning med 2 % pensjonstrekk, samt yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

For å vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar opplyse om dette i søknaden.

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anna Flotve, Funksjonsleiar, +47 41863981, anna.flotve@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgaten 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4871176941
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.12.2024
Søknadsfrist: 24.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjarteposten/MIO, Haugesund sykehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside https://www.helse-fonna.no/avdelinger/hjarteavdelinga/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgaten 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 03-12-2024
Søknadsfrist 24-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ff362de1-4218-4d25-999a-bb3fb32deb38
IMPORTAPI