Stillingsbeskrivelse
Published 02-01-2025
Deadline: 26-01-2025
Helsesjukepleiar
Luster Helsestasjon er ein del av eininga Helse og held til på Helsesenteret i Gaupne. Tenesta har brei kompetanse med helsesjukepleiarar, jordmor og lege. I tillegg er fysioterapeut og psykolog knytt til tenesta. Helsestasjonen er samlokalisert med psykisk helse/rus, legetenesta og fysio/ergo. Planlegging av nytt Helse- og omsorgssenter med samlokalisering av fleire tenester er i gang.
Stillingsinformasjon
- Luster kommune har frå 26.03.2025 ledig 100 % vikariat som helsesjukepleiar knytt til helsestasjon- og skulehelsetenesta. Vikariatet er i utgangspunktet ut året, men med mogelegheit for fast tilsetjing.
Arbeidsoppgåver
- Yte tenester og oppgåver knytt til helsestasjons- og skulehelsetenesta
- Helsestasjon 0-5 år
- Skulehelseteneste
- Andre ansvarsområde kan verte aktuelle
Kvalifikasjonar
- Off. godkjend sjukepleiarutdanning med vidareutdanning i helsesjukepleie
- Sjukepleiarar kan bli vurderte som aktuelle i fråvær av kvalifiserte søkarar
- Gode norsk kvalifikasjonar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort for personbil
- Det vert stilt krav om politiattest
Me legg vekt på
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Verdsetje andre sin kompetanse og bidra inn i eit fagleg fellesskapet
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Engasjement, fleksibilitet, evne til å ta ansvar og å arbeide sjølvstendig
- IKT kompetanse og kjennskap til fagprogrammet Win Med er ein fordel
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO