Helsesjukepleiar  – Avdeling helsestasjon

Health and social care Sykepleier

(13 timer siden)

  • VOLDA
  •  Lagt til dato: 30. oktober 2024
  •  Expire date: 11. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 30-10-2024
Deadline: 11-11-2024

 

Helsesjukepleiar 

 

Frå 01.01.2025 er det ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar i Volda kommune. Evt søkjarar frå helsestasjonen med fortrinn til fast stilling kan utløyse at denne stillinga vert vikariat.

Helsestasjonen i Volda omfattar svangerskaps- og barselomsorg, helsestasjon og skulehelseteneste samt helsestasjon for ungdom og studentar. Volda kommune er i stadig utvikling og er no i ein prosess der avdeling «Barn og familie» blir etablert, og delt inn i to seksjonar: Seksjon helsestasjon og seksjon barn og unges psykiske helse og rus. Namn på den nye seksjonen er ikkje bestemt, men vil omfatte gravide, barn og unge og familie.  

Vi søker etter deg som har brennande engasjement for førebyggjande arbeid og er engasjert i barn og unges oppvekst. Vi søkjer etter deg har evne og vilje til å utvikle deg sjølv og organisasjonen mot felles mål i eit lengre perspektiv. På helsestasjonen har vi eit godt tverrfagleg samansett team med helsesjukepleiarar, BTI koordinator, psykolog, familie og ungdomsrettleiar og familieterapeut.

Arbeidsoppgåver

Helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom og studentar. Arbeidsoppgåvene vil kunne bli endra/ utvida

Kvalifikasjonar

Off. godkjent sjukepleiarutdanning
Vidareutdanning som helsesjukepleiar
Vidareutdanning i psykisk helse og/ eller anna relevant kompetanse kan vere ein fordel

Må kunne meistre dei digitale verktya og programma som er naudsynte i arbeidet.

Personlege eigenskapar

Du må ha engasjement og interesse for arbeid med barn, og unge og familiar
Du må vere utviklingsorientert og ha god evne til samhandling med tilsette frå andre fagområde
Du må vere tydeleg og god til å kommunisere og skape relasjonar
Du må ha gode samarbeidsevner – lyttar aktivt, anerkjenner og involverer andre sine perspektiv 

Både utdanning, erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagde

Vi tilbyr

Ei spanande og utfordrande stilling og arbeidsoppgåver i samhandling med ulike tenesteområde.
Høve til fagleg oppdatering
Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø
God pensjonsordning 
Løn etter gjeldande avtaleverk

Kontaktinformasjon

Mary Anne Espe, Avdelingsleiar Helsestasjon, +47 90991420, mary.anne.espe@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4876965221
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling helsestasjon orgnr: 983814166
Kort om arbeidsgiver

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Webside http://www.volda.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted VOLDA (Adresse: Stormyra 2 Postnr: 6100)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 11-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e772eb14-1ce3-4118-9d6e-fded4cf5eeef
IMPORTAPI