Stillingsbeskrivelse

Published 24-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Helsesekretær/sekretær til 100% fast stilling

Hjarteavdelinga har i kombinasjon med Bemanningssenteret i føretaket ledig fast stilling i 100% som helsesekretær/sekretær. Pt. er 50% av stillinga ved Hjarteavdelinga  medan 50% er ved Bemanningssenteret. Arbeidsoppgåver og arbeidsstad ved Hjarteavdelinga vil vere ved Hjarterehabiliteringa sine lokale i Møllendalsbakken. Stillinga er ledig frå 06.01.2025.

Hjarteavdelinga er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdomar er samla. Avdelinga driv med høgt spesialisert utgreiing og behandling innan følgjande område; ikkje-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvaking, pacing, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Behandlingsmetodar er i stadig utvikling og forskingsaktiviteten er høg.

Hjarteavdelinga har to store sengepostar (hjartemedisinsk og thoraxkirurgisk), ei intensiv- og overvakingseining (MIO) samt eining for hjarteintervensjon m/ ambulantstove, poliklinikk, operasjonsstove, 5 behandlingslaboratorier og ein CT lab. Vi har også Hjarterehabilitering.

Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt interne bemanningsbyrå som formidlar personell til alle avdelingar i føretaket for kortare og lengre oppdrag. Den som blir tilsett vil i 50% av stillinga bli nytta i avdelingar der det er behov for sekretær for kortare eller lengre periodar. 

Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåva vil vere å jobbe i eit team med planlegging og timebestillingar poliklinkk
  • Oppgjer poliklinikk
  • Halde kontroll på ventelistar mm
  • Tett tverrfagleg samarbeid
  • Diverse oppgåver og støtte til legar og sjukepleiarer

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som Helsesekretær eller utdanning som sekretær
  • God generell IKT-kunnskap og systemforståing er nødvendig, fordel med kunnskap i DIPS, Imatis og Libra
  • God kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Relevant sjukehuserfaring

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt
  • Du har gode samarbeidsevner og bidrar til godt arbeidsmiljø
  • Du trivast i eit aktivt, travelt og endringsorientert miljø
  • Du legg vekt på fagleg og personleg læring/utvikling
  • Du er fleksibel på arbeidsoppgåver og arbeidsstad i avdelinga

Vi tilbyr

  • Varierande arbeidsoppgåver i eit triveleg og godt arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande oveireinskomst
  • Kurs og opplæring ved behov
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anita Isaksen, Spesialsjukepleiar Hjarteavdelinga, 55973540, anita.isaksen@helse-bergen.no
Geir Atle Myrmoen, Ass.ad.dir, 55972174, geir.atle.myrmoen@helse-bergen.no
Sigrun Hoem Evensen, Seksjonsleiar Bemanningssenteret, 90740524

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4887428417
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kombinasjonsstilling mellom Hjarteavdelinga og Bemanningssenteret i Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted BERGEN (Adresse: Møllendalsbakken 9A Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8e33233c-d7e1-41d4-92ec-c89ab8ea825a
IMPORTAPI