Helsesekretær/sekretær – Øye avdeling, Haugesund sjukehus

Health and social care Helsesekretaer

(1 dag siden)

  • HAUGESUND
  •  Lagt til dato: 23. oktober 2024
  •  Expire date: 10. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 23-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Helsesekretær/sekretær

Vi søkjer etter dyktig helsesekretær/sekretær til vårt team.

Vi har 5 overlegar, 2 LIS-legar, 7 sjukepleiarar, ein optikar, ein ortoptist og 4 sekretærar. Vi legg vekt på eit høgt faglig nivå og har eit godt samarbeid med førstelinjetenesta og private aktørar.

Øyeavdelinga har omtrent 13000 polikliniske konsultasjonar og operasjonar.

Arbeidsoppgåver

  • Operasjonsbestilling og planlegging
  • Varierte arbeidsoppgåver med pasientkontakt og tjeneste i poliklinikk
  • Betjene ekspedisjon/telefon
  • Arbeidsoppgåver knytt til kontroll av rapportar
  • Andre førefallande sekretæroppgåver

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med erfaring fra øyepoliklinikk
  • Erfaring frå DIPS Arena, Elements, Orbit og Libra er ønskjeleg
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Gode allmenne datakunnskapar og god erfaring i bruk av IT-verktøy

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

    • samarbeider godt i team
    • kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
    • trivst i eit aktivt og travelt miljø
    • er strukturert og har fagleg vurderingsevne
    • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

    Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga blir vektlagd

    Vi tilbyr

    • Dagstilling
    • Eit godt arbeidsmiljø og kjekke kollegaer
    • Fagleg og personleg utvikling 
    • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring

    For å kunna vurdera førerett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden

     

    Mangfaldserklæring
    Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevneog fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Kontaktinformasjon

    Elvisa Selimovic, Funksjonsleiar, 47710837, elvisa.selimovic@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120
    5528 Haugesund

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 4876316991
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 10.11.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Øye avdeling, Haugesund sjukehus orgnr: 974724774
    Kort om arbeidsgiver

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

     

    Webside
    Bransje Helse og sosial
    Yrke Helsesekretær
    Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Norskkunnskaper
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 10-11-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1ce4408f-9a7a-41e5-9e4a-8b9d67b5e57e
    IMPORTAPI