Helsesekretær/sekretær – Avdeling for Medisinsk sekretærteneste, Helse Førde
Health and social care Helsesekretaer(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 06-01-2025
Deadline: 20-01-2025
Helsesekretær/sekretær
Avdeling for Medisinsk sekretærteneste søkjer etter tilkallingsvikar/sjukevikar som helsesekretær/sekretær ved Førde sentralsjukehus.
Avdelinga har 7 tilsette som utfører sekretæroppgåver for radiologisk avdeling.
Sekretærane som jobbar for radiologisk avdeling jobbar i eit team, sit samla i eit felles kontorlandskap og jobbar tett saman med dei andre faggruppene på radiologisk avdeling.
Vi har nå behov for ein tilkalling/sjukevikar for ein kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik og tilsettingstidspunkt kan avklarast etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Skrankefunksjon, telefon og elektroniske henvendingar
- Kalle inn pasientar til timeavtale
- Tett samarbeid med anna helsepersonell på avdelinga
- Anna forefallande kontor/pasientadminstrative oppgåver
Kvalifikasjonar
- Helsesekretærutdanning er ein fordel, men erfaring som sekretær/erfaring frå helsesektoren kan kompensere for formell utdanning
- Erfaring frå pasientadministrative dataprogram som Sectra og Dips Arena, samt kjennskap til medisinsk terminologi er ein fordel
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
- Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Vere med å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande og utfordrande jobb
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hanne Irene Emberland Bildøy, Seksjonsleiar, (+47) 578 31 325
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4901526688
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 20.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling for Medisinsk sekretærteneste, Helse Førde orgnr: 974744570 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsesekretær |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 20-01-2025 |