Helsesekretær/Seketær – Poliklinikk psykisk helse DPS Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Helsesekretaer(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 21-11-2024
Deadline: 06-12-2024
Helsesekretær/Seketær
Poliklinikk psykisk helse DPS Volda har ledig to faste stillingar som helsesekretær/sekretær i ekspedisjonen, oppstart 01.01.2025 eller etter avtale med seksjonsleiar.
Poliklinikken er ein av tre seksjonar ved DPS Volda som igjen er del av avdeling DPS Sunnmøre. Seksjonen har dei sju kommunane på Søre-Sunnmøre som opptaksområde.
Poliklinikken har 25 tilsette og to sekretærar i ekspedisjonen. Seksjonen har eit godt arbeidsmiljø og flotte lokale med god plass. Vi trivast saman og vil at nye sekretærar skal bli med på laget.
Seksjonen er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk for vaksne som primært har planlagd individuell behandling, men vi har også noko behandling i gruppe. Vi har ulike former for samtalebehandling, men medikamentell behandling i kombinasjon med samtalar er også aktuelt for mange pasientar.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Arbeidsoppgåver
- Elektronisk handtering av tilvisingar, samt utsending av brev
- Ta imot pasientar, lage referat, ta imot betaling og ta imot beskjedar på telefon, e-post. Andre praktiske gjeremål i seksjonen
- Å være eit bindeledd mellom pasienten og personalet
- Arbeid i ulike datasystem er ein sentral del av jobben
Kvalifikasjonar
- Utdanning som helsesekretær/sekretær. Anna relevant praksis eller utdanning kan vurderast
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med gode engelskkunnskapar, munnleg
- Gode IT-kunnskapar
- Erfaring med ulike program som vert nytta på sjukehuset vil vere fordelaktig; Helseplattformen, Checkware og Myway2pas t.d.
Personlege eigenskapar
- Du har gode relasjonelle eigenskapar
- Du er fleksibel og positiv til endringar. Helse Møre og Romsdal er i stadig utvikling, du som sekretær må difor vere positiv til endringar som skjer og lære fort.
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er serviceinnstilt
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig
- Du har stor arbeidskapasitet
- Du er strukturert
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. – Og her
Kontaktinformasjon
Hallgrim Myklebust, Seksjonsleiar, +47 70 05 85 60, Hallgrim.Myklebust@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4870721508
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Poliklinikk psykisk helse DPS Volda, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsesekretær |
Sted | VOLDA (Adresse: Kløvertunvegen 1 Postnr: 6100) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-12-2024 |