Helsefagarbeider – Voss herad Villa Gjerdebu

Kontor og økonomi Kontor forvaltning og saksbehandling

(1 uke siden)

  • SKULESTADMO
  •  Lagt til dato: 9. september 2024
  •  Expire date: 24. september 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 09-09-2024
Deadline: 24-09-2024

 

Helsefagarbeider

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.

Om arbeidsstaden

Stillinga er knytt til butiltak i avdelinga menneske med nedsett funksjonsevne

Medlevarturnus med arbeid to- tre døgn, fri seks-sju døgn. Arbeid kvar 4. helg

 Arbeidsoppgåver

  • Bistå bebuar i dagliglivets gjeremål og medverke til at den enkelte tar i bruk eigne ressursar til aktivitet og sjøvstendigheit
  • Bidra til faglig utvikling og godt arbeidsmiljø i virksomheita
  • Dokumentering i pasientjournalprogrammet Gerica, det vil bli gitt opplæring
  • Kollegarettleiing og tett samarbeid med samarbeidspartar og pårørande
  • Andre oppgåver kan verta lagt til stillinga
  • Som tilsatt skal du være med å bidra til at teamet yter heilheitleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod til menneske som har ein åtferd som utfordrar

 Kvalifikasjonar:

  • Helsefagutdanning
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftlig
  • Kan arbeide systematisk og målretta
  • Har gode faglige kunnskapar og kjennskap til relevant lovverk
  • Tverrfagleg komptanse
  • Relasjonskompetanse
  • Rettleiingskompetanse
  • Førarkort klasse B
  • Fordel med erfaring i målretta arbeid ved åtferdsutfordringar

Personlige eigenskapar:

  • Har stort engasjement for målretta arbeid i relasjoner til menneske som har åtferdsutfordringar
  • Er ein trygg og leiken vaksen som kan stå i utfordrande situasjonar
  • Har gode samarbeidsevner og er positiv til endringar
  • Bidrar til eit opent og positivt arbeidsmiljø

Personelg eigenskapar vil verta vektlagt

Oppmodar menn til å søkja

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

 Me tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje.

Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

 

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk

ellertakast med ved evnt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg

søkjarliste.

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss herad Villa Gjerdebu orgnr:
Kort om arbeidsgiver Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted SKULESTADMO (Adresse: Ringheimsvegen 212 Postnr: 5710)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7c3ca9cc-d00e-4069-bb44-320745badc52
IMPORTAPI