Helsefagarbeider – helgestilling fast – Instituasjonstenester, Vinje kommune
Health and social care Helsefagarbeider(20 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 16-10-2024
Deadline: 03-11-2024
Helsefagarbeider – helgestilling fast
Har du lyst på ei deltidsstilling med meining?
Vinje sjukeheim har ledig fleire faste helgestillingar, med arbeid kvar 2. eller 3. helg. Stillingsstorleik er frå 14 % til ca 30 %.
Sjukeheimen har tre langtidsavdelingar og ei kortidsavdeling med til saman 34 plassar. Langtidsavdelinga med sine 25 plassar er delt inn i tre grupper, deriblant ei skjerma avdeling for personar med demens. Kortidsavdelinga består av 9 plassar, der 2 av plassane er akuttplassar for Tokke og Vinje kommune.
Ved Vinje sjukeheim skal me sørge for at innbyggjarar i Vinje med behov for heildøgnspleie, meistring og omsorg mottar eit best mogleg tilbod, og der me jobbar kontinuerleg med å auke kvaliteten i tenesta.
Frå januar 2025 skal sjukeheimen bruke årsturnus. Det vil sei at du kan medverke til korleis turnusen skal sjå ut, og det vil vera mogleg å få større stillingsprosent i delar av året, som f.eks sommar og høgtider.
Arbeidsoppgåver
- Omsorg og pleie til sjukeheimsbebuerane
- Miljøtiltak overfor bebuerane
Kvalifikasjonar
- Du har fagbrev som helsefagarbeidar
- Du er elev/student innan helsefag og ynskjer helgestilling
- Du er ufaglært, men har erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim
- Du har gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar, tilsvarande nivå B2
Personlege eigenskapar
- Du er påliteleg, arbeidsom og sjølvstendig
- Du er fleksibel og kan samhandle godt med bebuarar, pårørande og kollegaer
- Du har gode samarbeidsevner og er ein positiv lagspelar som bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø
- Du tar initiativ og ynskjer å lære
- Du har interesse for eldreomsorg
- Du snakker og forstår norsk godt
- Du er stabil
Personleg eignahet vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hanne Kristin Finkenhagen, Avdelingsleiar, +47 99 25 16 24, hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no
Arbeidsstad
Vinjevegen 212
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 4873224710
Stillingsprosent: 30%
Fast
Startdato: 15.11.2024
Søknadsfrist: 03.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Instituasjonstenester, Vinje kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse og meistring skal levere kvalitativt gode og føreseielege helse – og omsorgstenester til befolkninga gjennom heile livsløpet. Ansvarsområde strekkjer seg frå førebyggjande tiltak, beredskap, behandling, til god pleie og omsorg i brukar sin heim og på sjukeheimen. Institusjonstenester omfattar sjukeheimen med både korttids- og langtidsavdeling, dialyse og kjøkendrift. |
Webside | www.vinje.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | VINJE (Adresse: Vinjevegen 212 Postnr: 3890) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 15-11-2024 |
Søknadsfrist | 03-11-2024 |