Stillingsbeskrivelse

Published 12-11-2024
Deadline: 12-12-2024

 

Helsefagarbeider/assistent i opplæring

Vi har ledig 2 x 100% utdanningsstillinger for helsefagarbeider / assistent i opplæring med oppstart etter avtale.

Sterilsentralen er ein egen seksjon i Avdeling akutt, operasjon og intensiv Ålesund.

Vi kan tilby varierte arbeidsoppgaver innanfor vask, pakking, kvalitetskontroll og sterilisering av kirurgisk utstyr. Som helsefagarbeider/assistent i opplæring hos oss vil du jobbe i eit team med sterilsentralteknikare i ulik alder, med ulik bakgrunn og kjønn. Samarbeidet vårt har resultert i eit godt arbeidsmiljø, der vi legg vekt på trivsel og ivaretaking av alle tilsette. Ny og moderne sterilsentral er under bygging. Det planlegges innflytting i 2026/27.

Mellombels tilsetting under opplæring på 1 år, med moglegheit for fast tilsetting.
For meir informasjon om helseforetaket , sjå www.helse-mr.no

Vitnemål, attestar/tenestebevis, fagbrev må scannast og lastast opp som vedlegg til søknad/CV.

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonen har eige opplæringsprogram med dokumentasjonsskjema for gjennomgått 1 års opplæring.
  • Det vert undervisning både i teori og praksis.
  • Hovedoppgaver er prosessering av sterilt kirurgisk utstyr
  • Rengjøring/desinfeksjon av instrumenter
  • Instrumentvedlikehold og kontroll
  • Pakking og sterilisering
  • Forsyning av sterilt engangsutstyr til dagkirurgi og sentraloperasjon.
  • Pakking og utlevering av prosedyrevogner til dagkirurgi.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeider (erfaring fra reinhold kan kompensere for manglende utdanning). 
  • Gode språkkunnskap i norsk, både skriftleg og munnleg

Vi oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søke, og spesielt menn oppfordres til å søke for å fremme kjønnsbalanse

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Sjølvstendig
  • Personleg egnaheit vert vektlagd

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Peter Gjelsvik, Seksjonsleiar, 94050881, peter.rene.kviebakk.gjelsvik@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4879641837
Stillingsprosent: 100%
Utdanningsstilling
Søknadsfrist: 12.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sterilsentral Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974747138
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9a0c2bfc-af8c-4d10-aa84-9f701cc7643e
IMPORTAPI