Helsefagarbeidar ved Miljøarbeidartenesta – Austevoll kommune

Health and social care Helsefagarbeider

(17 timer siden)

  • STOREBØ
  •  Lagt til dato: 1. oktober 2024
  •  Expire date: 27. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 01-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Helsefagarbeidar ved Miljøarbeidartenesta

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie – og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsettfunksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til bufellesskap med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenstaer knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen. 

Om stillinga

Miljøarbeidartenesta har ledig 100 %  stilling som helsefagarbeidar.

Stillinga er for tida knytta til Lindevika buteneste.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid og burettleiing tilpassa den einskilde sitt behov ut frå vedtak og tiltaksplanar
  • Vi søkjer ein engasjert medarbeidar som vil vere med å videreutvikle teneste
  • Arbeid i primærgruppe
  • Journalføring og rapportskriving
  • Deltaking i den daglige aktiviteten rundt tenestemottakarar
  • Kontakt med pårørande
  • Rettleiing til kollegaer, praksis elevar og andre
  • Oppfølging av individuelle planar, habiliteringstiltak, bruk av hjelpemiddel og kartlegging
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå teamleiar

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Anna relevant fagkompetanse kan bli vurdert
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Gode datakunnskapar, kjennskap til Visma profil pasient/journalsystem er ønskeleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg gjennom betalt B2 test i norsk
  • Gyldig politiattest

 

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel, målretta, sjølvstendig og evner å kommunisere godt i møte med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Gode evner til samarbeid med andre.
  • Førarkort for personbil
  • Gyldig politiattest må framleggjast ved tilsetjing.
  • Personleg eignaheit er ein føresetnad og vert særleg vektlagt

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar – Storebrand pensjonskasse
  • Vi tilbyr årsturnus der ein i stor grad kan påverke korleis ein vil legge opp turnusen sin. Vi tilbyr arbeid kvar fjerde helg med langvakter eller arbeid kvar tredje helg med korte vakter.

Slik søkjer du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka «Søk stilling» på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Austevoll kommune orgnr: 994902881
Kort om arbeidsgiver

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. 

Frå august 2023 vert alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande!  

Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!

Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til samlokaliserte bustader med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenesta er knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen. Austevoll kommune har ny eining under oppbygging i Bekkjarvik som vil fungere som avlastningsbustad med tre omsorgsbustader i tilknytning.

Webside https://www.austevoll.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted STOREBØ (Adresse: Lindevika 20 Postnr: 5392)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e88ba3f0-11dc-4cc8-829f-b1b57f83ed27
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/266268