Stillingsbeskrivelse

Published 17-11-2024
Deadline: 22-12-2024

 

Helsefagarbeidar ved korttid og heimesjukepleia- 100 % fast stilling 3. gongs utlysning 

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling for helsefagarbeidar ved korttid og heimesjukepleia. Stillinga er ledig frå 1.februar 2025. Det er mogleg med mindre stillingsprosent dersom du ynskjer det. 

Stillinga har tredelt turnus.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk
  • Praktisk bistand og rettleiing til brukarar
  • Bidra til positivt samarbeid med pårørande
  • Bidra til samarbeid på tvers av einingar i etaten
  • Dokumentere i fagsystemet Profil

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå kommunal pleie- og omsorgsteneste
  • Kunnskap om bruk av IKT som verktøy.
  • Førarkort kl. B.

Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding. 

Personlege eigenskapar

  • Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
  • Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
  • Vera motivert, engasjert og strukturert
  • Ha gode evner til samarbeid
  • Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
  • Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg
  • Personleg egnaheit blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
  • Opplæring og rettleiing
  • Me tek atterhald om at faste tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir eventelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane. 
  • Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
  • Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad

Kontaktinformasjon

Stine Solemsli, Leiar Vangsheimen og heimetenesten, 908 96 012, stine.solemsli@vang.kommune.no

Arbeidsstad

Tyinvegen 5150
2975 Vang i Valdres

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vang Kommune

Referansenr.: 4886687966
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vang Kommune, Korttid og heimeteneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vang kommune som arbeidsgjevar: 

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!

Å bu i Vang kommune: 

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha «vestlandsfjell med austlandsklima«, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
  • Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

 

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. 

 
Webside http://www.vang.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/heimetenester-og-sjukeheim/tenester-i-heimen/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted VANG I VALDRES (Adresse: Tyinvegen 5150 Postnr: 2975)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2fa8a797-7f30-4673-afca-d1ab71432e77
IMPORTAPI