Stillingsbeskrivelse

Published 28-08-2024
Deadline: 22-09-2024

 

Helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar 100 % fast stilling

Bu og omsorg lyser ut tre faste stillingar for helsefagarbeidar eller pleiemedarbeidar. Stillingane er organisert i turnus og stillingsprosent kan diskuterast.

Oreteigen er ei bueining med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning. 1. etg har tolv korttids- og rehabiliteringsplassar, to kommunale akutte døgnplassar og ti plassar på skjerma eining. 

Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Vi har pasientar med mange diagnosar og komplekse sjukdomsforløp som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.

Våre verdier er: Respekt, Kunnskap og Omsorg

Tilsetting: snarleg

Arbeidsoppgåver

  • Utføre heilskapleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
  • Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa
  •  Ha fokus på opplæring og fagleg utvilkling

Kvalifikasjonar

  • Det er ein fordel med erfaring frå kommunehelsetenesta
  • Må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar
  • Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel
  • Ein som medverkar til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivast med endringar og nytenking
  • Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag.

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader

Det må leverast tilfresstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Eva Skrivervik-Alme, 48894818
Siri Skjølberg Frimannslund, Avdelingsleiar 1. etg, 908 48 835
Eva Kristin Rønnekleiv, Avdelingsleiar Oreteigen, +47 917 32 527

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4852857133
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune orgnr: 987942193
Kort om arbeidsgiver

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Webside http://www.gloppen.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted SANDANE (Adresse: Postnr: 6823)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a10cb636-3df7-48aa-8f40-067b87b973e6
IMPORTAPI