Helsefagarbeidar – Øysteseheimen langtidsavdeling
Health and social care Helsefagarbeider(15 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 30-10-2024
Deadline: 17-11-2024
Helsefagarbeidar
Ønskjer du å gjera ein forskjell i eldreomsorga?
Me har ledig 100 % fast stilling med oppstart etter avtale. Stillinga er for tida i turnus med arbeid på dag og kveld, samt helg. Me tilbyr ulike helgerotasjonar og vaktlengde.
Øysteseheimen skal vera ei plass der det er godt å bu, og tilsette hos oss jobbar med å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
Arbeidsoppgåver
- Gje god omsorg, stell og pleie i høve til dagsplaner, rutinar og prosedyrar
- Ivareta bebuarane sin eigenverd og sjølvstende
- Oppgåver knytt til pasientoppfølging
- Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
- Dagleg journalføring i Gerica
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Er du nyutdanna eller lærling i helsefag siste lærehalvår vert du oppmoda om å søkja
- Du må kunne arbeida sjølvstendig og i team
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2
- Gode kommunikasjonsevner
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter
Personlege eigenskapar
- Interesse for fagfeltet geriatri
- Du er engasjert og positiv
- Tålmodig og god på samarbeid
- Har godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Kan formidla empati, visa respekt og omsorg
Vi tilbyr
- Du får arbeida med erfarne og kjekke kollegaer
- Ein arbeidsstad i utvikling. Me utforskar stadig nye måtar å løyse oppgåver/oppgåvedeling og arbeid/arbeidsstid
- Individuelt tilpassa turnus så langt drifta tillet det
- Du får delta på relevante kurs og møter
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Anna Marie Frøseth, Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling, +47 481 45 217
Arbeidsstad
Skårdalsvegen 20
5610 Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 4876966357
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Øysteseheimen langtidsavdeling orgnr: 973953591 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Oppdag Kvam – framtida er her! Naturopplevingar og aktivitetar Ein kommune for framtida Eit variert næringsliv Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir |
Webside | http://www.kvam.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | ØYSTESE (Adresse: Skårdalsvegen 20 Postnr: 5610) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 17-11-2024 |