Helsefagarbeidar – Om oss

Health and social care Helsefagarbeider

(1 uke siden)

  • VAKSDAL
  •  Lagt til dato: 26. juni 2024
  •  Expire date: 4. august 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 26-06-2024
Deadline: 04-08-2024

 

Helsefagarbeidar

Om stillinga

I vakre vaksdalsbygda ligg Vaksdal sjukeheim og der høyrer vi på Ressurssenteret til. Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Som tilsett hjå oss vil du få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Vi har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb.

I stillinga arbeidar du tett på pasientane og vert ein del av eit dyktig arbeidsteam. I teamet er det både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar, der alle har brukarane i fokus. Vi er oppteken av personsentrert omsorg og har lagt vekk på musikkterpautisk tilnærming inn mot demenssjukdomen. 

  • Vi har ei somatisk avdeling, med til saman 17 pasientar fordelt på to sider. 
  • Og så har vi ei avdeling med 15 langtidsplassar for personar med demens.

No har vi ledig ei fast stilling 70 % for helsefagarbeidar, fordelt på 47% i turnus og 23% i timebank. Turnus har arbeid kvar 3. helg. 

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av pasientar med alt frå stell til hjelp til daglege gjeremål 
  • Medisinhandsaming 
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå 
  • Kontakt og samarbeid med pårørande 

Krav til kompetanse

  • Helsefagarbeidar 
  • Personar som samlar timar og er på veg til å ta fagbrev vil bli prioriterte 
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med personar med demens 
  • Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing 

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner 
  • Likar å jobbe sjølvstendig i eit travelt miljø med varierte arbeidsoppgåver og å ta ansvar på vakter 
  • Er god på samarbeid og ser arbeidsgruppa som eit team. Evnar å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, pasientar og pårørande  
  • Påliteleg og stabil, samt løysingsorientert og positiv  
  • Generelt gode datakunnskapar 
  • Evnar å sjå heilskapen mellom dei ulike avdelingane og arbeidet som vert gjort  
  • Vere trygg i deg sjølv og kunne takle endringar og uføreseielege hendingar  

  Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg. 

Vaksdal kommune kan tilby

  • Vi har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving 
  • Vi gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning 
  • Hjå oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Om oss orgnr: 974597713
Kort om arbeidsgiver
  • I Vaksdal kommune er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
  • Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal gjenspeile mangfoldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne.
  • Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit. 
  • I henhald til offentlegheitsloven §25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å stå på søkjarlista.
  • Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Norge må være godkjent av  Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
Webside https://www.vaksdal.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted VAKSDAL (Adresse: Jamnevegen 11 Postnr: 5725)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 04-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4c4a57d9-c71a-402e-b353-28acd858f09b
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/265217