Stillingsbeskrivelse
Published 08-11-2024
Deadline: 22-11-2024
Helsefagarbeidar
Vi har ledig stilling som helsefagarbeidar ved bueininga på Hareid sjukeheim. Stillinga er 100 prosent og fast.
Bueininga er ei av tre einingar ved Hareid Sjukeheim. Vi gir tilbod om langtidsplass til pasientar som har omfattande helseutfordringar og ikkje lenger kan bu heime. Bueininga har 16 plassar. Vi jobbar for å gi gode tenester til dei innbyggarane som treng det, og vi jobbar for gode arbeidsvilkår for tilsette. Dei tilsette har fagdag i turnusen sin, og får påverke eiga arbeidstid og fritid gjennom forhandling.
Arbeidsoppgåver
Du skal
- gi medisinsk og helsefagleg oppfølging med ansvar og vurderingar
- ha pleie- og omsorgsoppgåver
- samarbeide tett med sjukepleiar, fysioterapeut, heimetenesta og dei andre sjukeheimseiningane
- sikre at tenestene blir gitt på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak
- rettleie, undervise og informere pasientar, pårørande, kollegaer og elevar
- ha medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
- bruke velferdsteknologi
- delta i kvalitetsutvikling av tenesta
Kvalifikasjonar
- autorisasjon som helsefagarbeidar eller tilsvarande
- god digital kompetanse
- godt, norsk språk, både skriftleg og munnleg (nivåB2)
Det er ønskeleg med relevant vidareutdanning.
Du må legge fram godkjend politiattest av ny dato før du startar i arbeide, samt gjennomgå smittevernkontroll.
Personlege eigenskapar
I sektor for velferd ønsker vi oss medarbeidarar som er pliktoppfyllande, engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte, viser respekt og er rause. Du har evne til å arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner og utøver dette til beste for pasient, pårørande og tilsette. Du klarer å prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Verdiar som stabilitet, god arbeidsmoral og det å vere ein god kollega og samarbeidspart er viktig for oss.
Vi tilbyr
- ein triveleg arbeidsplass med tverrfagleg arbeidsfellesskap
- spanande og faglege utfordringar
- fagdag i arbeidsplan
- tilgang til e-læring
- forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP
- løn etter gjeldande avtalar
Kontaktinformasjon
Perdis Holstad, Einingsleiar, +47 90964007
Arbeidsstad
Teigevegen 55
6060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommune
Referansenr.: 4875925199
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Hareid kommune, Bueining orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
GODE TENESTER – GLADE TILSETTE Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette. Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår. Inkludering og mangfald er ein styrke. VI oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25. Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav. Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga. |
Webside | http://www.hareid.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | HAREID (Adresse: Teigevegen 55 Postnr: 6060) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 22-11-2024 |