Helsefagarbeidar 100 % fast stilling – Fjaler kommune Heimetenesta

Health and social care Helsefagarbeider

(2 dager siden)

Stillingsbeskrivelse

Published 02-10-2024
Deadline: 24-10-2024

 

Helsefagarbeidar 100 % fast stilling

Vi er interessert i å finne gode løysingar i oppgåvene vi utfører for dei som treng det mest. Deler du denne interessa og vil bli ein del av vårt team?

Fjaler kommune har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar, fortida med arbeidsstad i heimetenesta. Som helsefagarbeidar vil du ta del i tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi nyttar årsturnus over 52 veker med start i månadsskifte februar/mars. Heimetenesta jobbar med innføring av langvakter med då arbeid kvar 4. helg. Ordninga er frivillig.

Våre tenester er tilpassa ny organisering for å møte framtidas behov, og vi har mange spanande oppgåver. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, ernæring og diabetes, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i det daglege arbeidet slik at eininga sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og god måte
  • Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
  • Jobbe kunnskapsbasert
  • Bidra til auka fagleg utvikling
  • Tverrfagleg oppfølging

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Førarkort klasse B
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig
  • God på kommunikasjon
  • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
  • Engasjement for eldreomsorg

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Ein variert og kjekk kvardag
  • Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
  • Innmelding i pensjonsordning

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjaler kommune Heimetenesta orgnr:
Kort om arbeidsgiver Heimetenesta held til i Svehogen, omtrent 500 meter frå sentrum i Dale. Vi yt tenester til heimebuande i heile Fjaler kommune, inkludert brukarar i omsorgsbustader.
I tenesta er det kring 21 årsverk i turnus fordelt på 24 tilsette.

Målet til heimetenesta er at innbyggjarane skal bu heime så lenge som mogleg med tilstrekkeleg hjelp, i tillegg til å oppleve meistring og trivsel i eigen heim. Vi har tett samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, legetenesta og rehabiliteringsavdelinga ved sjukeheimen. Personalgruppa er opptekne av å ha brukar i fokus, av godt samarbeid og ein vidareutvikling av tenesta.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted DALE I SUNNFJORD (Adresse: Dalstunet 20 Postnr: 6963)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1154a04b-95eb-4bf0-8f92-fbdb1ff5bb6a
IMPORTAPI