Helsefagarbeidar 100% fast i Heimetenesta – Austrheim kommune
Health and social care Lege(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 02-10-2024
Deadline: 21-10-2024
Helsefagarbeidar 100% fast i Heimetenesta
Om stillinga
Me har ledig 100% stilling på dag/kveld med arbeid 4. kvar helg med langvakter. I heimetenesta arbeidar alle langvakter på helg, noko som er spennande og framtidsretta.
Heimetenesta er organisert i ei sone, med oppmøtestad i underetasjen på Nordliheimen sjukeheim. Me nyttar Visma mobil omsorg, og har stort fokus på gode tenester til heimebuande og bruk av velferdsteknologi i tenesteytinga. Digitalisering og bruk at ny teknologi er viktige satsningar for framtida i Austrheim.
Som helsefagarbeidar er du ein del av eit tverrfagleg team som er oppteken av kvalitet og fagutvikling. Det tverrfaglege samarbeidet er godt forankra som eit ledd i helse- og omsorgstenesta sitt arbeid med kvalitetsforbetring.
Me har mange lærlingar, og jobbar aktivt for å utdanne nye helsefagarbeidarar til helseyrket.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta arbeid knytt til pleie og omsorg og behandling for dei som bur i sin eigen heim
- Samarbeide med pasient og pårørande, og gje bistand og opplæring i praktiske gjeremål, eigenomsorg og stell
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
- Vidareutvikle digitalisering av tenestene og utvikling av velferdsteknologi i kommunen
- Instruktør for helsefagarbeiderlærlinger
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Førerkort klasse B
- Gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg
-
Du må meistre digitale løysingar og ha evne til å lære nye dataprogram ved behov
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande
politiattest ved tiltrede.
Kven ser vi etter?
- Du trivst å arbeida med eldre og personar med samansette hjelpebehov, og ser på ansvar og utfordringar som ei positiv del av kvardagen
- For deg er trivsel, kvalitet og samarbeid avgjerande for å skapa eit godt arbeidsmiljø og levere gode tenester
- Du er trygg på deg sjølv og kan arbeida både sjølvstendig og i team, med eit sterkt fokus på samarbeid
- Med dine gode samarbeidsevner og løysingsorienterte tilnærming er du ein verdifull ressurs i arbeidslaget
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Me tilbyr
- Konkurransedyktig løn
- Ein arbeidsplass med fokus på fagutvikling i eit lærerikt arbeidsmiljø
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- God pensjonsordning
- Moglegheit for vidareutdanning
- Nytilsettopplæring
Heim til Austrheim
Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling – både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Austrheim kommune orgnr: 987550600 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim – både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.Austrheim inviterer deg til opne landskap – med eit ope sinn! |
Webside | https://www.austrheim.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | AUSTRHEIM (Adresse: Austrheimsvegen 1019 Postnr: 5943) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 21-10-2024 |