Stillingsbeskrivelse
Published 12-11-2024
Deadline: 25-11-2024
Helsefagarbeidar 100% fast
Om stillinga
Me har ledig ei helgestilling på 100% med arbeid kvar tredje helg i Kvassnesvegen bufellesskap.
Om avdelinga
Kvassnesveien bufellesskap har 9 leilegheiter og fellesareal med stove og kjøkken, og er heimen til 9 personar med utviklingshemming. Bufellesskapet har heildøgnsbemanning, med våkande nattevakter, og totalt ca. 25 årsverk
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert helsefagarbeidar
-
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Det er eit føremon om du har kjennskap til kap.9
Arbeidsoppgåver
- Å rettleie og hjelpe bebuarane med daglege oppgåver og aktivitetar i kvardagen.
- Planlegge og tilrettelegge for gode tenester,
- Dokumentere naudsynt informasjon og utførte oppgåver i journalsystemet Profil
Kven søkjer vi?
- Du arbeider for gode tenester i tråd med vedtak og lovverk
- Du lyttar, reflekterer og kommuniserar tydeleg og respektfullt
- Du er ein trygg fagperson, – aktiv og engasjert i faget ditt
- Du kan jobbe sjølvstendig og samarbeide med kollegaer
- Du bidrar til sjølvbestemmelse og brukarmedverknad for bebuarane
- Du er god på å samarbeide med pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar
- Du seier frå om ting som ikkje fungerarar, og bidrar til fagutvikling og kvalitet
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- God pensjonsordning
- Godt arbeidsmiljø med kollegaer som tek deg vel imot
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 973965239 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. Som medarbeider i denne tenesta vil du få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
|
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | ISDALSTØ (Adresse: Kvassnesvegen 16 Postnr: 5914) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 25-11-2024 |