Helse og omsorg søker – Aukra kommune Heimetenester
Health and social care Sykepleier(18 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 18-12-2024
Deadline: 16-01-2025
Helse og omsorg søker
Vi skal styrke helse- og omsorgstenestene i Aukra kommune og søker med dette sjukepleiarar for stilling i heimesjukepleie. Aukra kommune har heiltidskultur, og satsar på heile stillingar for å sikre kontinuitet og stabilitet. Ein har alternative turnusordningar med langvakter. I heimesjukepleie kan ein ha både 12,5 timars vakt og vanleg turnus.
Aukra kommune ligg 25 minutt frå Molde. Det er ei øy med fastlandsdel, og kommunen har ca 3700 innbyggarar. Det tek ein kort ferjetur på 10 minutt å kome seg hit. Her er flott natur med moglegheit for aktivitetar på hav og fjell. Kulturtilbod, aktivitetar og friluftsliv er tilgjengeleg for ei aktiv fritid. Aukra kommune har satsa på nye barnehagar, skolar, omsorgssenter og kulturhus for sine innbyggarar. Det er ein del tilflytting til kommunen, og dei siste åra har talet på innbyggarar auka.
Aukra Omsorgssenter har 30 plassar fordelt på lang- og kortidsplassar. i same bygget finn ein heimesjukepleie, dagsenter for eldre og 20 heildøgns omsorgsbustadar. Institusjon og heimesjukepleie samarbeider tett. Sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleiar driftar legevaktsatelitt på ettermiddag, kveld, natt og helg. Det er felles nattevakter i institusjon og hos heimebuande, og det er 4 tilsette på vakt kvar natt.
Aukra Omsorgssenter er relativt ny og moderne, då vi flytta inn i 2018. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenesta.
Kven søkjer vi
Vi søkjer deg som er autorisert sjukepleiar. Du må vere ein sjukepleiar som likar å arbeide i team, og som ikkje er redd for å ta ansvar og finne kreative og gode løysningar på utfordringar som måtte oppstå. Du må ha evne til å sette deg inn i nye arbeidsmåtar, vere fleksibel og arbeide på tvers av avdelingar.
Du må ha høg gjennomføringsevne og evne til å sjølv å planlegge arbeidsdagen din på ein strukturert måte.
Andre krav
God kompetanse på relasjonsbygging og kommunikasjon
Du har god evne til å rettleie
Du oppdaterer din kunnskap
Du ser nytten av teknologi i tenesta
Du er med på å utvikle tenestetilbodet i takt med endringar i samfunnet
Du har god datakunnskap
Du meistrar norsk skriftleg og munnleg
Du er personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
Startløn 8 års ansiennitet etter HTA
Stabilitetstillegg
Ein arbeidsplass som har motiverte tilsette med interesse for faget
Ein spennande arbeidskvardag med varierte og utforande arbeidsoppgåver
Nytt omsorgssenter med gode fasilitetar
God opplæring og gode moglegheiter for personelg utvikling
Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Stønad til vidare- og etterutdanning via kommunen sitt utdanningsfond og i tråd med Kompetanseplan
Flyttegodtgjersle
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkjarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
https://youtu.be/nDe8ChkkXjI?si=OXQAoowppl-wSeff
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO