Helgestillingar ved sjukeheimane – Årdal kommune Pleie og omsorg

Health and social care Andre helseyrker

(23 timer siden)

  • ÅRDALSTANGEN
  •  Lagt til dato: 8. januar 2025
  •  Expire date: 23. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 08-01-2025
Deadline: 23-01-2025

 

Helgestillingar ved sjukeheimane

Me har ledige helgestillingar ved Årdal sjukeheim og Seimsdal sjukeheim.

Årdal har to sjukeheimar; Årdal sjukeheim har 29 plassar for avlastning og langtidsopphald. Seimsdal sjukeheim har 16 plassar, der 8 er tilrettelagt for demente.

Legg gjerne inn ein søknad og skriv kva du kan tenkje deg å arbeide med, kvar og i kor stor stillingsstorleik. Me ser fram til å høyra ifrå deg!

Arbeidsoppgåver

–       Arbeidsoppgåvene er i hovudsak heilskapleg pleie og omsorg for pasientar på institusjon.

–       Arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen for å ha ein god livskvalitet.

–       Ansvar for journalføring og kommunikasjon med pasient og pårørande utifrå retningslinjer.

–       Bidra til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonskrav

–       For assistentstillingar er det ikkje krav om utdanning, men personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Personlege eigenskapar me ynskjer i vår teneste:

–       Fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvstendig

–       God på samarbeid

–       Likar ein aktiv og til tider travel arbeidskvardag

–       Omsorgsfull og positiv

–       Interesse for eldreomsorg, og alltid jobbe for det beste for pasienten.

Me tilbyr:

–       Årsturnus i alle tenestene.

–       Ein meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø med trygge og forutsigbare rammer.

–       Løn etter utdanning og praksis jamfør Hovudtariffavtalen.

–       Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.

–       Tilgjenge til bedriftshytte på Skeikampen.

–       Om det er utfordring i høve bustad, ta kontakt.

Link til søknadsskjema: Søk her

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Årdal kommune Pleie og omsorg orgnr: 811746452
Kort om arbeidsgiver Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.
Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.
På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.
Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.
Velkomen til oss i Årdal !
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted ÅRDALSTANGEN (Adresse: Statsråd Evensensveg 4 Postnr: 6885)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7081afac-7782-46c0-ad45-000e3460b3d4
IMPORTAPI