Stillingsbeskrivelse

Published 20-11-2024
Deadline: 04-12-2024

 

Helgestillingar som kjøkkenassistent – 21,12 % og 14,08 %

Vi har ledige helgestillingar som kjøkkenassistent ved UWC RCN frå starten av januar 2025.

Hva vi ser etter

Stillingane inneber arbeidsøkter annankvar eller tredjekvar laurdag og sundag, og passar for deg som er fleksibel, som likar å jobbe i lag med andre og som er oppteken av å yte service.

Stillingane kan også høve for unge kandidatar over 16 år, og kandidatar med hol i CV-en, som har lite eller inga utdanning eller som har lite eller inga arbeidserfaring.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåvene på kjøkkenet inneber hovudsakleg å hjelpe kokkane våre med å førebu produksjon av mat, samt servere og vaske og rydde opp i samband med dei faste måltida ved skulen.

Kvalifikasjonar

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner

  • Du må kunne kommunisere munnleg på norsk og engelsk, men dagleg arbeidsspråk er norsk.

Vi tilbyr

  • Løn etter KS tariff

  • Tilgang til Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter sine basseng og treningsrom

  • Tilgang til ulike utandørsaktivitetar, organisert gjennom skulen

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College orgnr: 973601024
Kort om arbeidsgiver

UWC Røde Kors Nordisk er ein internatskule for 200 elevar i alderen 16-19 år, frå meir enn 80 ulike land. Elevane gjennomfører eit to-årig studieprogram – International Baccalaureate (IB) Diploma. Skulen starta opp i 1995, er mellom anna finansiert av offentlege midlar frå dei nordiske landa og ligg idyllisk plassert ved Flekkefjorden i Fjaler kommune på Vestlandet. Skulen har om lag 65 tilsette og har to datterselskap, UWC Connect AS og Verdsgrenda Eigedom AS. UWC Connect har ansvar for andre aktivitetar som mellom anna leirskule, sommarleirar og som vertskap for ulike grupper som kjem for å oppleve det unike miljøet på skulen. Verdsgrenda Eigedom AS eig og forvaltar bygg på eigedomen.

UWC RCN er eit unikt miljø på ein unik stad. Du vil neppe finne liknande miljø med slik variasjon i mangfald, utfordringar og interessante oppgåver. Vi er eit fleirkulturelt samfunn, der alle har eit ansvar for studentane og gjestane sin velferd, utdanning og opplæring, og der vi jobbar tett ilag.

Webside https://www.uwcrcn.no
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Reiseliv, hotell og overnatting
Sted FLEKKE (Adresse: Hauglandsvegen 304 Postnr: 6968)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 04-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f6d0e3bf-4f7c-4b9a-9530-c4a350f794b5
Stillingsregistrering