Vi søkjer personell for fast helg ved Husnestunet og Halsnøytunet. Dei fleste stillingane har arbeid kvar 2. eller 3. helg, men kan òg ha andre vaktfrekvenser.
Stillingane varierer frå ca 13 – 20%
Om du ønskjer ei særskild avdeling, så skriv gjerne det i søknaden.
Vi treng òg til ei kvar tid ringevikarar for arbeid både dag og kveld.
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.