Helgestillingar – Natt-tenesta i Kvam

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(1 uke siden)

  • NORHEIMSUND
  •  Lagt til dato: 10. september 2024
  •  Expire date: 30. september 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 10-09-2024
Deadline: 30-09-2024

 

Helgestillingar

Vil du jobba med oss i Natt-tenesta?

 Me søkjer helsefagarbeidarar til 2 helgestillingar fra snarast. Begge i fast 25 % stilling og med arbeid kvar 3. helg.

  • Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, heimetenesta og til menneske med utviklingshemming. 
  • Me jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av ulike brukargrupper. Natt -tenesta er organisert i Tenester til heimebuande.

 

I natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer derfor etter deg som er fleksibel, engasjert og nytenkjande.

Arbeidsoppgåver

Omsorgsoppgåver som stell og pleie i heimen og i heildøgns omsorgsbustad 

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn eller erfaring fra pleie og omsorg , men andre kan også søkja
  • Du må ha sertifikat klasse B
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Kunne arbeida sjølvstendig og i team

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar samen med søknaden i Webcruiter   

Personlege eigenskapar

  • Tek ansvar og likar ei utfordring
  • Har lyst å utvikla deg fagleg
  • Lærevillig og engasjert
  • Godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Viser empati, respekt og omsorg 

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling
  • Gode mogelegheiter for fagleg utvikling
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-forsikringsordningar 

Kontaktinformasjon

Ioana Hauge, Gruppeleiar Natt-tenesta i Kvam, +47 481 45 217

Arbeidsstad

Nedre Norheim 44
5600 NORHEIMSUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4855327177
Stillingsprosent: 25%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Natt-tenesta i Kvam orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Oppdag Kvam – framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted NORHEIMSUND (Adresse: Nedre Norheim 44 Postnr: 5600)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1d2bd9b8-afda-4ce6-942f-6cda07379633
IMPORTAPI