Helgestillingar – Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal

Carpenters Vaktmester

(2 måneder siden)

  • ROSENDAL
  •  Lagt til dato: 19. august 2024
  •  Expire date: 31. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 19-08-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Helgestillingar

Omtale av stillinga

Litt usikker på kva du vil her i livet? Kom til oss og test ut arbeid innan helse. Heimetenesta har eit kjekt og pulserande miljø, med ei god blanding av menn og damer på arbeid. No mistar vi mange studentar til dei store byane og treng difor nye helgevikarar.

Vi er oppteken av å trygge våre tilsette, og det er rom for å feila og rom for å læra. Om du kjenner deg usikker på å søkja, så send søknad, så kan vi ta ein prat, så kan vi i lag finne ut om dette kan vera noko for deg. 

Kanskje skal du ha eit friår? Hos oss kan du få nyttig erfaring samt legge deg opp litt kapital.

Vi søkjer:

Vi har fleire ledige helgestillingar, både på Ølve og i Rosendal og omegn. I tillegg har vi trong for ringevikarar som kan stille opp på kort varsel ved sjukdom/anna fråvær. Helgestillingane er knytta til arbeid kvar 2. eller 3. helg. Søkjarar med helsefagleg utdanning vil verte prioritert i dei faste stillingane. Det er ein føremon med helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt. Vi oppmodar menn til å søkja. Er du under utdanning som vernepleiar, sjukepleiar, lærar eller anna helsefagleg utdanning, kan du og får moglegheit til å bli tilsett med ei stipendordning. 

 Kvalifikasjonar

  • Gjerne helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt.

  • Førarkort klasse B.

 Personlege eigenskapar

  • Nysgjerring og vilje til å læra
  • Ikkje redd for å arbeide aleine
  • Omsorgsperson

 Vi tilbyr

  • Pengar på konto kvar månad, ekstra om du er under helsefagleg høgskuleutdanning. 
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal orgnr: 974614677
Kort om arbeidsgiver Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
Webside
Bransje Håndverkere
Yrke Vaktmester
Sted ROSENDAL (Adresse: Rosendalsvegen 10 Postnr: 5470)
Stillingstype Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/842eb740-be39-4711-8152-c4a7b1db9595
IMPORTAPI