Stillingsbeskrivelse

Published 24-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Helgestillingar

Er du vår nye medarbeidar?


Me søkjer deg som er engasjert, har overskot, og likar tanken på å arbeida med og for menneske.

Stillingane er ledige frå hausten 2024. Helgestilling inneber dagvakter og kveldsvakter (todelt turnus), enten kvar 2. eller kvar 3. helg. Stillingsstorleik frå 14 – 22 %.

  • Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling  er ei korttidsavdeling med 16 sengeplassar
  • Målsetjinga vår er at hos oss skal det vera godt å vera.
  • Me er opptatt av god kommunikasjon og godt samarbeid mellom pasient og tilsett og har fokus på den enkelte pasienten sitt behov for bistand

Ei helgestilling kan vera aktuelt for deg som har tid til overs og vil ha ei meiningsfull deltidsstilling. Har du tanker om å starta utdanning innen helse- eller omsorgsfaget, kan ei slik stilling gje deg gode erfaringar.

Ta kontakt med oss i dag og få meir informasjon om korleis det er å jobba i helgestilling hos oss!

Arbeidsoppgåver

  • Gje god omsorg, praktisk hjelp og pleie
  • Dagleg journalføring i Gerica
  • Ivareta pasientane sin identitet, eigenverd og sjølvstende
  • Tilby tenester med høg standard

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som:

  • Har eit genuint ønske om gje omsorg til  andre
  • Kan arbeida sjølvstendig og i grupper
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)
  • Er fylt 18 år. Søkjarar under 18 kan verta vurdert, personlige eigenskapar vert lagt vekt på

 

  • Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
  • Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden    

Personlege eigenskapar

Du er/har: 

  • Vilje og interessa for å arbeida med  menneske med ulike utfordringar
  • Lærevillig og engasjert
  • God til å formidla empati, visa respekt og omsorg 
  • Tålmodig og trygg 
  • Gode samarbeidsevner
  • Godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Meiningsfullt arbeid i lag med erfarne og kjekke kollegaer
  • Du får god opplæring og opparbeider deg lærerik og nyttig arbeidspraksis
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.  

Kontaktinformasjon

Anne Lise Neteland, Gruppeleiar Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling, +47 481 54 123

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4850814634
Stillingsprosent: 17%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kortidsavdelinga – Kvam rehabilitering- og behandlingsavdeling  orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Oppdag Kvam – framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted NORHEIMSUND (Adresse: Postnr: 5600)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 5
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4ef22339-2f7d-469e-8b26-941b52bb8b2a
IMPORTAPI