Stillingsbeskrivelse

Published 02-07-2024
Deadline: 11-08-2024

 

Helgestillingar i Bu- og miljøtenesta avd. Barneavlastning og Myroldhaug psykisk helse og rus

2. gongs utlysing

Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø, så kan dette vere stillinga for deg!

Er du på leit etter ein arbeidsplass med fokus på auka grad av sjølvbestemmelse og sosial tilhørighet, og styrking av hjelpetilbodet for menneskje med ulike utfordringar?
Er du under utdanning eller på utkikk etter arbeid med mennesket i fokus? Sjå her!

Informer i søknad kvar du ynskjer å søkje.


Barneavlastninga 

  • Fire faste 40 % helgestillingar frå 02.09.2024. Stillingane er inkludert 20 % frie timar.
  • Arbeidstid er seinvakt, langvakter og nattevakter. Arbeidshelg kvar 4. helg med 12,5-timers langvakter. Eininga har årsturnus.

Barneavlastinga held til på Høgebakkane på Nordfjordeid. Vi tilbyr gratis teneste for born og unge med eit tyngande omsorgsbehov på helg og ettermiddagar. Det er plass til fire born/ungdomar på same tid, der vi bistår med hjelp og støtte i kvardagen utifrå kvar einskild sitt behov.


Myroldhaug psykisk helse og rus (PHR)

  • To faste 20 % helgestillingar frå 12.08.2024. Stillingane er inkludert 5 % frie timar.
  • Arbeidstid er dag- og seinvakter, med moglegheit for langvakter. Arbeidshelg kvar 3.helg med kortvakter. Eininga har årsturnus.

Avdelinga Myroldhaug psykisk helse og rus har to bufellesskap, eitt på Myroldhaug og eitt på Gjerdane.
Vi følger opp 12 faste bebuarar samt fleire i kommunale og private bustadar i kommuna. Myroldhaug PHR tilbyr ein akutthybel for korttidsopphald, kor menneske i krevjande situasjonar kan få hjelp og støtte.

I hovudsak er det bufellesskapet på Myroldhaug som har ledige stillingar, men det er mogleg å få utvida opplæring å ta  vakter i det andre bufellesskapet også. 

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
  • Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
  • Oppfølging og journalføring i pasientjournal
  • Delta i det faglege rundt brukarane
  • Følgje opp og dokumentere tenesteyting etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer.

Kvalifikasjonar

  • Ufaglærte med gode personlege eigenskapar
  • Studentar innan helsefaglegarbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Studentar innan helsefag, sosialfag eller pedagogikk på høgskulenivå blir oppmoda om å søkje
  • Treåring helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- og høgskulenivå
  • Det er ønskeleg med relevant erfaring
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Personleg eigenskap vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Om du har spørsmål om stillinga ta kontakt med avdelingsleiar v/barneavlastinga Stine Takle Piel på telefon  41 45 78 01 og avdelingsleiar v/Myroldhaug PHR Synnøve Marie Nyberg på telefon 90 24 36 75.

Kontaktinformasjon

Stine Takle Piel, avdelingsleiar barnebustad, 41 45 78 01, stine.takle.piel@stad.kommune.no
Synnøve Marie Nyberg, avdelingsleiar Myroldhaug PHR, 90 24 36 75, synnove.marie.nyberg@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Myroldhaugvegen 43
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4835967974
Stillingsprosent: 40, 20%
Fast
Søknadsfrist: 11.08.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bu- og miljøtenesta, Stad kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Webside http://www.stad.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Myroldhaugvegen 43 Postnr: 6770)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 6
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 11-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2984852b-29e9-40e6-8529-4bcb40acfb2a
IMPORTAPI