Helgestillingar – Heimetenesta Midt-Telemark

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(2 dager siden)

  • BØ I TELEMARK
  •  Lagt til dato: 16. desember 2024
  •  Expire date: 6. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 16-12-2024
Deadline: 06-01-2025

 

Helgestillingar

Heimetenesta har for tida ledige 3 helgestillingar, og vi ønskjer deg som likar å gi helsetenester i pasientars eigne heimar.

I heimetenesta arbeider vi i private bustader og omsorgsbustader på bygda. Heimetenesta i Midt-Telemark er delt inn i tre soner: Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har vi team som målretta arbeider med «kva er viktig for deg» for pasientar innan ulike fagfelt som demens, sårbehandling, respirasjon, kreft, innsatsteam og sjukepleierprosedyrar. Innsatsteamet bistår pasientar som i periodar treng ekstra oppfølging for å klare seg mest mogleg sjølv.
Vi samarbeider på tvers av sonene, og fleire tilsette arbeider i forskjellige soner. I tillegg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, verdset vi openheit for ulike meiningar og humor.

Vi deltar i akuttkjedeprosjekt og gode pasientforløp, og vi engasjerer oss i prosjekt som kan bidra til å gjere oss til den beste heimetenesta for både tilsette og pasientar. Avdelinga har årsturnus, der ein i stor grad kan påverke si eiga turnus. Vi tilbyr langvakter i helgene for dei som ønskjer det.

Arbeidsoppgåver

  • Helsetenester og oppfylging av pasientar
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med andre aktørar som lege, ergoterapeut, fysioterapeut og tenestekontor
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis autorisasjon som helsefagarbeidar, men andre med relevant erfaring kan og bli vurdert
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Førerkort klasse B

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå helseteneste
  • Kjennskap til bruk av data som verktøy

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling
  • Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø

Personelge eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302

Arbeidsstad

Gamleveg 46
3802 Bø i Telemark

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 4897137629
Stillingsprosent: 24,5, 22,5%
Fast
Startdato: 13.01.2025
Søknadsfrist: 06.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Heimetenesta Midt-Telemark orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Webside https://midt-telemark.kommune.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BØ I TELEMARK (Adresse: Gamleveg 46 Postnr: 3802)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 13-01-2025
Søknadsfrist 06-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f10b4b6a-06da-4e23-be22-43c0346bd653
IMPORTAPI