Helgestilling og ringevikar til Skottabakken bufellesskap – Samnanger kommune

Carpenters Vaktmester

(22 timer siden)

  • ÅRLAND
  •  Lagt til dato: 28. september 2024
  •  Expire date: 20. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 28-09-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Helgestilling og ringevikar til Skottabakken bufellesskap

Om stillinga

Ledig fast helgestilling med arbeid kvar 3. helg , samt ringevikar ved Skottabakken bufellesskap.

Skottabakken bufellesskap ligg sentralt i Samnanger, 40 min køyring frå Bergen sentrum. I 2019 flytta bebuarane inn i nytt bufellesskap på Skottabakken, og eit nytt senter for funksjonshemma vart dermed opna i Samnanger. Tiltaket er tilrettelagt for bebuargruppa, noko som blir gjenspegla i utforminga av bygning og uteområde. Me søkjer etter engasjerte og dyktige medarbeidar som likar å jobbe tett på menneskjer, har stort engasjement og kan stå i ein hektisk, men spennande kvardag.

Me ynskjer deg som vil vera med på å utvikla faget og tilbodet og skapa eit miljø for utvikling og rettleiing. Er du glad i friluftsliv og fysisk aktivitet? Bidrar du til eit godt miljø for dei rundt deg? Er du nytenkjande og løysingsorientert? Då ønsker me at du søker! Om du i tillegg er mann, vil me oppmoda deg særskilt til å søkja.

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og miljøterapi
  • Dokumentasjon og medikamenthandtering
  • Ansvar for å gje hjelp ut i frå brukaren sitt vedtak og til avtalt kvalitet
  • Ansvar for gjennomføring av tiltak jf. HOL. kap. 9
  • Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrer blir følgd
  • Miljøarbeid
  • Bidra til godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

Krav

  • Autorisert helsefagarbeidar, elevar/studentar blir oppfordra til å søkja
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må ha førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må leggja fram godkjent politiattest, jf. krav i helse- og omsorgstenestelova § 5

Ønskjer

  • Kompetanse eller erfaring med utviklingshemma/psykiatri
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og strukturert
  • Godt humør
  • Løysingsorientert og endringsvillig
  • Fleksibel og lojal
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Motiverande og engasjerande medarbeidar

Me tilbyr

  • Årsturnus
  • Arbeid i team med gode kollega
  • Utfordrande og varierte oppgåve
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsmilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.

Om oss

Skottabakken stod ny i 2020 og ligg i gangavstand til Bjørheim senter.

Skottabakken består av 10 leilegheiter, samt ein avlastar leilegheit. Bufellesskapet har bebuarar med utviklingshemming, ulike funksjonsnedsettingar med behov for pleie og omsorg, og tilrettelagt bu- eller aktivitetstilbod.

På Skottabakken er det lagt stor vekt på at brukarane får eit godt butilbod, aktivitet og eit godt helsetilbod. Tilsette er genuint opptatt av å skapa tryggleik og trivsel og jobbar tett med eigen bebuarane si eiga meistring. Stabil faggruppe med høg kompetanse.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Samnanger kommune orgnr: 987618523
Kort om arbeidsgiver

I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.

Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, PPT og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.

Webside https://www.samnanger.kommune.no/
Bransje Håndverkere
Yrke Vaktmester
Sted ÅRLAND (Adresse: Reistadliane 17 Postnr: 5652)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0ffe7ec3-7ba5-408d-8dca-b44fad2c5862
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/254759