Helgestilling, 23% fast – arbeid kvar 4. helg – Gulen kommune
Health and social care Helsefagarbeider(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 09-03-2025
Deadline: 30-04-2025
Helgestilling, 23% fast – arbeid kvar 4. helg
Om stillinga
Gulen kommune, for tida ved Miljøtenesta, har ledig frå snarast/etter avtale i inntil 23% fast helgestilling (arbeid kvar 4. helg).
Miljøtenesta gjev tiltak og tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Tilbodet omfattar alt frå tenester heile døgnet til lettare miljøtenester for andre. Nokre av brukarane får sine tenester med utgangspunkt i eigen bustad. Mljøtenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand i heile kommunen. Desse stillingane er i utgangspunktet knytt til Dalsøyra, men arbeid andre stadar kan også verte aktuelt.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels tilsetjing.
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og bidra til å skape ein trygg og god kvardag for dei
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjingg
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- For tida løn over tariff for kvalifisert tilsett i turnus.
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har ekstra helgetillegg på 50 kr/time, i tillegg til tariff, med evaluering ved rullering av lønspolitisk plan.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Gulen kommune orgnr: 914309506 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon. |
Webside | https://www.gulen.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | DALSØYRA (Adresse: Gulafjordvegen 1521 Postnr: 5960) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 30-04-2025 |