Stillingsbeskrivelse

Published 06-11-2024
Deadline: 01-12-2024

 

Heimetenester Os søker

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ynskjer ein god arbeidsplass og faglege utfordringar?
Då kan du vera den rette for oss!

Heimesjukepleie er eit satsingsområde i kommunen der ein legg vekt på at innbyggjarar som ønskjer det skal få bu lenger i eigen heim. Tenestene er i ei spennande utvikling med kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi.
Heimetenesta Os er ein flott arbeidsplass der du får jobbe med mange flotte medarbeidarar. Arbeidet er variert og innimellom uforutsigbart og hektisk, men veldig kjekt og givande.

Vi har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag, kveld, natt og helg.  
Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft.

Vi har behov for ekstrahjelp/ringevikar i heimesjukepleien og som heimehjelp.

Arbeidsstad:
Heimesjukepleie
Heimehjelp
Demensarbeidslag

Om du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.

Arbeidsoppgåver:

  • Pleie- og omsorgsoppgåver
  • Miljøarbeid
  • Heimehjelp/reinhald

Kvalifikasjonar:

  • Vi ønskjer at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp
  • Om du er ufaglært og har interesse for arbeid med mennesker, eller helsefagleg erfaring kan du vera aktuell søkjar
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Du må vera fylt 18 år og ha førarkort kl B. Det er ein fordel/ønske om at du kan disponere eigen bil
  • Søkjarar utanfor Norden må legge fram dokumentasjon på gode norskkunnskapar og gjennomført norsktest B1/B2 nivå

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør.
  • Evne til å møte andre på ein respektfull måte.
  • Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
  • Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre.

Vi tilbyr:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtaler
  • Eigen avlønning til studentar med relevant utdanning.
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.  

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å høyre frå deg.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os orgnr: 974544989
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Renholdere og renovasjon
Sted OS (Adresse: Holen 1 Postnr: 5200)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 5
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/868ba594-60e6-4ccd-abb2-917a9d2210bb
IMPORTAPI