Stillingsbeskrivelse

Published 22-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Heimehjelp – heimetenesta i Balestrand

Me ynskjer fleire dyktige medarbeidar til  Balestrand heimetenesta.

No er det ledige stillinga som heimehjelp, og me håpar du vil bli vår nye kollega!

Som heimehjelp i Balestrand heimeteneste blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

Heimetenesta ligg i tilknyting til helsetunet og ein har eit tett samarbeid. I same bygget ligg også legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta.

 

Om stillinga:

  • 60% vikariat som heimehjelp frå 01.03.25 til 01.03.26. 

 Arbeidstid på dagtid.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Reinhold i brukars heim utifrå vedtak
  • Hjelpe til med andre oppgåver som handling, tilsyn og andre heimesjukepleieoppgåver.
  • Dokumentasjon i journal
  • Samarbeid med heimetenesta

 

Kvalifikasjoner:

  • Krav om førarkort kl. B.
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Må vere over 18 år

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode evner til sjølvstendig arbeid og lagarbeid.
  • Godt humør og evne til å møte pasientar og kollegaer på ein god måte.
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse.
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

 

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste orgnr: 973973584
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Hjemmehjelper og personlig assistent
Sted BALESTRAND (Adresse: Skrivarvegen 7 Postnr: 6899)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bf1df9a3-7820-4af9-a598-d2eb6dd62acd
IMPORTAPI