Hei stråleterapeut! – Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Helse Bergen
Health and social care Radiograf og audiograf(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 14-11-2024
Deadline: 08-12-2024
Hei stråleterapeut!
Vi har ledige stråleterapeutstillinger, og søkjer dyktige stråleterapeutar som vil bidra til kvalitet i behandling og pasientomsorg, og til eit godt arbeidsmiljø! Stråleterapiseksjonen er ein av åtte seksjonar i Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, og byr på meiningsfullt arbeid, faglege utfordringar og gode kollegaer.
Avdelinga er utstyrt med Varian behandlingsmaskiner; fire TrueBeam, ein Ethos og ein Halcyon, utstyr for brachyterapi og to CT maskinerfrå Phillips. Deii fleste behandlingsmaskinene har overflateskanning frå Vision RT. Vi bruker Aria verifikasjonssystem og Eclipse til doseplanlegging.
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk har ansvar for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling. Ved sidan av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd tverrfagleg med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Vi har som målsetting å arbeide kunnskapsbasert. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå og held på med akkredidering som Comprehensive Cancer Clinic. Innan stråleterapi blir det lagt stor vekt på individtilpassa behandling. Avdelinga har topp moderne utstyr for stråleterapi og førebur seg til at vi i 2025 skal tilby protonbehandling i nytt protonbygg. I bygget vil det også komme ein ny CT, og MR som skal driftas i samarbeid med Radiologisk avdeling.
Arbeidsoppgåver
Stråleterapeutane arbeider på fleire modalitetar og har også andre oppgåver knytt til seksjonen sitt verkeområde: fiksering, bileteopptak for behandlingsplanlegging på CT og MR, gjennomføring av strålebehandling, kvalitetskontroll, oppfølging av pasientar og pårørande, konsultasjonar, undervisning, praksisrettleiing, forbetringsarbeid, samt oppgåver innan forsking og fagutvikling.
Stråleterapeutane arbeider i team på dei ulike einingane, og samarbeider tett med lege, doseplanleggar, fysikar og andre faggrupper.
Arbeidet går i hovudsak føre seg på dagtid, men den som blir tilsett må pårekne at vaktordningar på ettermiddag/kveld kan bli innført på midlertidig eller permanent basis. Vi har bakvaktordning på helg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Vidareutdanning i stråleterapi. Radiografar utan vidareutdanning kan være aktuell for midlertidig tilsetjing i påvente av gjennomført vidareutdanning
- Gode språkferdigheiter i norsk er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling, ikkje-skandinaviske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknaden
- Erfaring som stråleterapeut er ønskeleg
- Anna relevant tilleggsutdanning eller erfaring kan telle poistivt
Personlege eigenskapar
Vi er opptatt av at vi skal levere høg kvalitet i behandling og pasientomsorg, og vi forventar at våre stråleterapeutar yt sitt beste for pasientane. Kreftbehandling er teamarbeid, derfor er det viktig at du har gode samarbeidsevner. Gjennom å utnytte kapasiteten godt, planlegge arbeidsdagen, bidra kollegialt, bry deg om kollegaene dine, komme med innspel til forbetring av organisering og gjennomføring av arbeidet er du ein viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø. Av og til er det behov for at du stiller opp utanfor den vanlege arbeidstida, dette bidrar du kollegialt til. Du er fagleg interessert og tar ansvar for eigen utvikling, og deler av det du kan. Du tar og ansvar for arbeidet ditt og pasientane du behandlar.
Vi tilbyr
- Ved stråleterapiseksjonen trivst dei tilsette fordi arbeidet er meiningsfylt, og vi har eit godt samarbeidsmiljø
- Du får opplæring og det er gode moglegheiter for å utvikle seg fagleg
- Der vi har behov for å auke kompetansen legg vi til rette for å delta på vidareutdanning, kurs og konferansar
- Tiltreding etter avtale
- Lønn i henhald til gjeldane overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helga Gripsgård, Seksjonsleiar, 41869892, helga.gripsgard@helse-bergen.no
Jane Marie Bauge, Ass seksjonsleiar, 55976272, jane.marie.bauge@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4877433062
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 08.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | https://www.helse-bergen.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Radiograf og audiograf |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5009) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-03-2025 |
Søknadsfrist | 08-12-2024 |