Har du lyst til å vere ferievikar i rus og psykisk helseteneste i sommar? – Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste
Health and social care Miljoarbeidere(19 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 16-12-2024
Deadline: 31-03-2025
Har du lyst til å vere ferievikar i rus og psykisk helseteneste i sommar?
Vi søkjer etter deg som har fylt 20 år og har lyst på ein meningsfull sommerjobb i rus og psykisk helseteneste. I tidsrommet 20. juni – 24. august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar i avdelinga vår. Vi treng vikarar ved Myra bufellesskap og i våre ambulerande tenester.
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad.
For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby stipend på 10.000 kr per år. For meir informasjon om vilkår og søknadsskjema, følg lenke:
https://www.volda.kommune.no/aktuelt/stipend-for-helsefagstudentar-i-volda-kommune.170184.aspx
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
- Bistå og leggje til rette for brukarane sine gjeremål ut i frå vedtak og tiltaksplanar
- Jobbe for at brukarane opplev ein kvardag der behov for tryggleik, meistring og brukarmedverknad vert ivareteke
- Praktisk bistand i heimen med vekt på opplæring
- Utdeling av medikament
- Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus, med arbeid på dag, kveld og helg.
Kvalifikasjonar
Vi treng ferievikarar med interesse og evne til å jobbe innanfor rus- og psykisk helse, gjerne med påbegynt relevant utdanning frå høgskule eller universitet og/eller med relevant praksis.
- Du må ha førarkort klasse B og ha fylt 20 år.
- Søkjarar må meistre flytande norsk munnleg og skriftleg
- Relevant praksis er ynskjeleg
- Før oppstart i stilling må ein framlegge tilfredsstillande politiattest
Personlege eigenskapar
Våre ferievikarar må:
- Ta ansvar
- Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur
- Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig
- Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
- Vere løysingsorientert og ha gode haldningar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE.
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber om at søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden.
I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag og medisin:
- Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 85% av løn høgskuleutdanna – ferdig med 1 år (60 stp*)
- Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 90 % av løn høgskuleutdanna – ferdig med 2 og 3 år (120 og 180 stp*)
- Medisinstudentar – ferdig med 2 år (120 stp*) løn som 1 års sjukepleierstudent
- Medisinstudentar – ferdig med 4 år (240 stp*) løn som 2 års sjukepleierstudent
* For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av engasjementet.
Tilsettingar vert gjort fortløpande.
Kontaktinformasjon
Sigurd Riste Skarsvåg, Seksjonsleiar Myra bufellesskap, 90829427, sigurd.riste.skarsvag@volda.kommune.no
Knut Hagen, Seksjonsleiar, 94 16 52 92, knut.hagen@volda.kommune.no
Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar, +47 91 55 59 70, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 7
6102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 4897269791
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien. I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i. Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut. Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss! |
Webside | http://www.volda.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Miljøarbeidere |
Sted | VOLDA (Adresse: Sevrinhaugen 7 Postnr: 6102) |
Stillingstype | Sesong Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-03-2025 |