Har du lyst til å bli ein del av vårt a+ team? Då må du lese vidare! – Accountor Sogn – Økonomi Sogn AS
Health and social care Lege(4 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 29-10-2024
Deadline: Unknown
Har du lyst til å bli ein del av vårt a+ team? Då må du lese vidare!
Accountor Balestrand treng nye medarbeidarar
Accountor Sogn har halde til her i Balestrand sidan 1980-talet, er ni tilsette (herav fem statsautoriserte rekneskapsførarar) og har mange kundar innan ulike bransjar, både små og store.
Lokal tilhøyrigheit og tilgjengelegheit er viktig for oss – Accountor Sogn er 100% lokaleigd – med ressursar og kompetansen til meir enn 2300 kollegaer i sju land, med på laget.Accountor Sogn er lokalt eigd, og er franchisetakar i Accountor.
Vi har trivelege kontor sentralt i Vik og i Balestrand. Vi har i dag 8 dedikerte medarbeidarar der to jobbar i Balestrand og 6 i Vik.
Det er viktig for oss at du trivst på jobben!
Vi har høg medarbeidartilfredsheit og høg kompetanse både fagleg og på systemsida. Vi er svært opptatt av å ta i bruk ny teknologi, og er i teten på dette området.
Ønskjer du å vere med og utvikle næringslivet? Ser du etter ei stilling med utviklingsmulegheiter – og ser du etter ein arbeidsgjevar som kan løfte deg vidare? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi har ca 200 kundar lokalt og ellers i landet, av ulik storleik og i ulike bransjar – mange spennande oppdrag. Vi ønskjer å styrke vår satsing ytterlegare, og søkjer Statsautorisert Rekneskapsførar eller ein person som er villig til å lære seg faget med bakgrunn i si utdanning.
Kven er du?
Som person er du forretningsorientert, og du blir motivert av å prestere! Vi ser for oss at du er initiativrik, sjølvstendig og ser løysingar der andre ser utfordringar.
Vidare er du positiv, og likar å byggje og ivareta gode relasjonar både med kollegaer og kundar.
Vidare har du:
- Økonomiutdanning på bachelornivå, med god fagleg innsikt i områda rekneskap, skatt og avgift.
- God IT-forståing og lett for å forstå og ta i bruk ny teknologi.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant erfaring eller administrativ bakgrunn.
Og ikkje minst ønskjer du vidare fagleg utvikling i eit hyggeleg og spennande miljø! Har du særlege kvalifikasjonar er det også aktuelt med ytterlegare ansvar utover det som er utlyst i stillinga.
Kva vil jobben bestå i?
Rekneskap frå a til å, herunder ansvar for
- Bokføring, dokumentasjon og avstemmingar
- Rapportering til kundar
- Årsoppgjer, skattemeldingar og likningspapir
- Kvalitetsoppfølging av oppdraga
Kva kan vi tilby deg?:
I Accountor blir du ein del av Nord-Europas største kjede innan økonomi- og rådgjevingstenester, i ein bransje som er i ei spennande endring. Du vil få jobbe i eit sterkt fagleg miljø, omgitt av dyktige og framtidsretta kollegaer med ulik bakgrunn.
Vidare kan vi tilby:
- Interessante og utfordrande oppgåver
- Mulegheit til å bli Statsautorisert Rekneskapsførar
- Moderne løysningar til våre kundar og dermed ein meir spennande jobb for våre medarbeidarar
- Ein jobb som byr på varig personleg utvikling
- Fleksible arbeidstidsordningar
Vi kan også tilby konkurransedyktige vilkår, eit godt arbeidsmiljø, sosiale arrangement og kollegaer som vil jobbe ilag for å levere framtidas tenester til våre kundar!
Høyrest dette ut som noko for deg? Send inn din søknad med motivasjonen du har for stillinga, samt oppdatert CV. Vi gler oss til å høyre frå akkurat deg!
Arbeidsstad:
Vi har kontorlokale i Balestrand og i Vik i Sogn. Arbeidsstad vil bli avklart etter ønskje, eventuelt i ein kombinasjon. Kvifor ikkje prøve nye utfordringar i vakre Sogn?
Søknader vert behandla fortløpande.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Accountor Sogn – Økonomi Sogn AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Accountor Sogn er din lokale rekneskapsførar i Sogn, me har halde til her ved mektige Sognefjorden sidan 1980-talet. Me er ni tilsette, herav fem statsautoriserte rekneskapsførarar – og alle har lang erfaring.
Lokal tilhøyrigheit og tilgjengelegheit er viktig for oss – Accountor Sogn er 100% lokaleigd. I tillegg har me ressursar og kompetansen til meir enn 2300 kollegaer i sju land med på laget. Accountor Sogn har eit sterkt engasjement rundt lokal ekspertise. Me har kontor i Vik og Balestrand, noko som gjer oss tilgjengelege for bedrifter i heile regionen. Uansett kvar du er, er vi klare til å møta behova dine og tilby tenestene våre der du er. |
Webside | https://www.accountor.com/nb/norway/kontor/Balestrand |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | BALESTRAND (Adresse: Holmatunet Postnr: 6899) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | Unknown |