Stillingsbeskrivelse

Published 09-10-2024
Deadline: 22-10-2024

 

Har du auge for detaljar, er effektiv og strukturert?

Grunna komande foreldrepermisjon hjå vår tekniske koordinator lyser me ut eit års vikariat i 80% administrativ stilling. For rette vedkomande kan det vere aktuelt med utvida arbeidsoppgåver og stillingsprosent. Me er på leit etter deg som er strukturert, effektiv og har lett for å setje deg inn i nye system. Du trivs både med rutineoppgåver og handsaming av kundar, og har drive for meirsal. Det er ein fordel om du er detaljorientert og nøyaktig då det aukar kvaliteten for kunde, og det kan gjere dagen betre for kollegaene dine.

Me kan til gjengjeld freiste med enormt kjekke kollegaer og godt arbeidsmiljø

Arbeidsoppgåver:

  • Bistå vår serviceavdeling med kundehandsaming, sal og oppfølgjing

  • Ansvar for servicedatabase

  • Følgje opp og rapporterer i høve serviceoppdrag

  • Opprette ordrar og gjere klar for fakturering

  • Dokumentasjon

  • Varebestilling

  • Innkjøp og support av IT/ datautstyr internt

  • Drifta ASP system i Tecno etter krav eksternt og internt

  • Andre administrative oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev eller høgare utdanning i administrative fag. Lang relevant erfaring kan kompensere krav om utdanning

  • Gode digitale ferdigheter og interesse for IT

  • Kommuniserer godt, munnleg og skriftleg

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tecno VVS AS orgnr: 971908106
Kort om arbeidsgiver

TECNO VVS AS tilbyr ei totalteknisk løysing innan VVS, med tverrfagleg spesialkompetanse innan sanitær, varme, luftbehandlingsanlegg, blikkenslagerarbeid, automasjon og SD-anlegg.

Me står for prosjektering, utføring og drift av tekniske anlegg på ein energiøkonomisk måte. Som kunde hjå TECNO VVS AS treng du ikkje ta omsyn til grensesnitt mellom VVS-faga.

Webside https://www.tecno.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted NORHEIMSUND (Adresse: Gamle Dalavegen 124 Postnr: 5600)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 22-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b2bf935b-c697-4835-aeaa-72bf772bb039
Stillingsregistrering