Gruppeleiarstillingar (forskar I, kode 1110)  – Universitetet i Bergen

Education Universitet og hoyskole

(14 timer siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 4. november 2024
  •  Expire date: 15. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 04-11-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Gruppeleiarstillingar (forskar I, kode 1110) 

Gruppeleiarstillingar:

Michael Sars-senteret søker framifrå kandidatar som adresserer grunnleggande spørsmål innan molekylær, cellulær og organismisk biologi ved bruk av marine/akvatiske organismar. Forskingsprosjekt ved senteret dekker typisk eit breitt spekter av akademiske disiplinar inkludert cellulær og molekylær biologi, utviklingsbiologi, stamceller og regenerasjon, nevrobiologi, fysiologi og reproduksjonsbiologi, genomikk og evolusjon. Forskingsprosjekt som utnyttar kvantitative, genomiske og/eller systemtilnærmingar for å takle innovative og viktige problemstillingar innan marin livsvitskap, frå molekylære til populasjonsskalaer og/eller i grensesnittet mellom organismen og miljøet, blir oppmuntra.

Senteret har for tida 6 forskingsgrupper, med kvar sin gruppeleiar, og til saman om lag 12 forskarar, 11 postdoktorar, 9 ph.d.-stipendiatar, 20 teknisk og 6 administrative tilsette. Senteret tilbyr framifrå interne ressursar for forskinga (postdoktorar, ph.d.-studentar, teknikarar, laboratorieplass og prosjektspesifikke fasilitetar). Drifta ved senteret blir støtta av Universitetet i Bergen og av ein veksande portefølje av eksternt finansierte prosjekt.

Tilsette kandidatar vil bli tilbydd ein kontrakt som forskar med funksjon som gruppeleiar. Kandidaten vil bli evaluert i løpet av den første 6-årsperioden med moglegheit for 4 års forlenging basert på prestasjonar og tilgjengeleg finansiering ved evalueringstidspunktet.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd ein ph.d.-grad tilsvarande norsk ph.d.-grad. 
  • Evne til å lære opp og leie juniorforskarar og teknisk personale mot eit felles mål definert i gruppeleiarforslaget er eit krav.
  • Evne til å utvikle samarbeid med andre forskingsgrupper både innanfor og utanfor senteret er eit krav.
  • Evne til å bidra aktivt til det akademiske livet ved senteret og universitetet er eit krav.
  • Gruppeleiarar ved senteret blir forventa samt støtta til å søke nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for eksterne tilskot.
  • Ein god match med senterets forskingsportefølje og vitskaplege retning er fordelar.
  • Søkjarar må ha framifrå ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.

Ved vurdering av kandidatane vil både kvaliteten og breidda av kandidatens forsking bli gjennomgått. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagt.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Vi kan tilby:

  • Attraktive startpakkar for nye gruppeleiarar.
  • Eit nærande, inspirerande og spennande arbeidsmiljø, med framifrå forskingsfasilitetar.
  • Stilling som forskar (kode 1110) i statens lønsregulativ med ei brutto startløn på NOK 845.900 (tilsvarande lønssteg 79) ved tilsetjing. Vidare lønsauke skjer etter stillingsansiennitet og prestasjonar i stillinga. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden på engelsk skal innehalde:

  • Eit søknadsbrev (maksimum 1 side)
  • Ein detaljert CV og oversikt over tidlegare prestasjonar (maksimum 4 sider)
  • Eit forslag til forsking ved Michael Sars-senteret (maksimum 4 sider, ekskludert referansar)
  • Kontaktinformasjon for 3 referansar

Søknaden og vedlegg med sertifiserte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Kandidatar som kjem vidare vil bli invitert til eit seminar og intervju av Michael Sars-senterets vitskaplege rådgjevande utval, tentativt halde i Bergen tidleg vår 2025.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Michael Sars-senterets direktør (Lionel.Christiaen@uib.no) og/eller besøk nettsida vår: https://www.uib.no/en/michaelsarscentre.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Veronica Stålhand (veronica.stalhand@uib.no).

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.      

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Michael Sars-senteret ved Universitetet i Bergen bruker avanserte teknologiar for å studere den unike molekylære og cellulære biologien til marine organismar, for brei samfunnsmessig påverknad. Som den første historiske partnaren til European Molecular Biology Laboratory (EMBL, http://www.embl.de/), er Michael Sars-senteret forankra i det akademiske miljøet i Bergen og fungerer som ein nasjonal strategisk ressurs for norsk marin livsvitskap. Michael Sars-senteret har som mål å etablere, styrke og utnytte lokale, nasjonale og internasjonale nettverk gjennom spesifikke aktivitetar, inkludert samarbeidande forsking, felles opplæring og vitskapleg utveksling. Senteret har eit vitskapleg rådgjevande utval og eit rådgjevande styre. Senteret er organisert som eit sjølvstendig og tverrfagleg forskingssenter innan Fakultet for naturvitskap og teknologi  –  Les meir her. 

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Utdanning
Yrke Universitet og høyskole
Sted BERGEN (Adresse: Thormøhlens Gate 55 Postnr: 5006)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/56e0c47c-d4d3-4f75-b160-29310cef8737
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/270380