Grunnskulelærar – Harøy skule, Ålesund kommune

Education Grunnskole

(5 timer siden)

  • HARØY
  •  Lagt til dato: 14. november 2024
  •  Expire date: 28. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 14-11-2024
Deadline: 28-11-2024

 

Grunnskulelærar

Det er ledig ei fast 100% stilling frå 1.januar 2025 som grunnskulelærar. Kontaktlæraransvar kan bli lagt til stillinga. 

Harøy skule er ein 1-10 skule med 98 elevar i inneverande skuleår. Vi har ein flott SFO med eit rikt aktivitetstilbod til borna.

Skulen har nynorsk som hovudspråk og er nysertifisert som dysleksivennleg skule. Fokusområdet dei neste to åra er fagleg inkludering. Der vi saman med fire andre skular i kommunen skal gjennomføre eit viktig utviklingasarbeid leia av Høgskulen i Volda. 

Skulen ligg tett knytt saman med Harøy stadion, IP Huse hallen og har ei frisbeegolfbane tett ved. Alt dette er fasilitetar som ein kan nytte i undervisninga. Vi ligg i eit naturvakkert område med korte avstandar til både fjell og sjø. Med Nordøyvegen er naboøyane og fastlandet lett tilgjengeleg. 
Harøy skule er også i ein prosess med å utdanne ei lærargruppe til å bli sertifiserte aktivitetsleiarar i kajakk. Vi nyttar fasilitetane til Maritimt aktivitetssenter for ungdom (MAKS) i undervisninga. Denne sertifiseringa er noko ein som nytilsett kan «hekte» seg på.

Harøy skule har mange godt utdanna pedagogar og andre medarbeidarar som legg vekt på godt samarbeid og å utvikle ein god delingskultur. Alle tilsette arbeider målretta etter skulen sin visjon for elevgruppa og heim-skule-samarbeidet:

Trivsel, samarbeid og kunnskap. Desse måla er synleg i aktivitetane vi har i skulekvardagen.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på mellom- og ungdomstrinnet. 
  • Vere ein trygg vaksenperson.
  • Bidra til at elevane opplever å bli sett og får tett fagleg oppfølging.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som grunnskulelærar. 
  • Formell kompetanse til å undervise på ungdomstrinnet. Det er ønskjeleg at du kan undervise i eitt eller fleire av desse faga: naturfag, engelsk, norsk og matematikk. Skulen ønskjer også kompetanse innanfor IKT i opplæringa. 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein person som: 

  • Har gode samarbeidsevner, tar ansvar og som trivst i ein aktiv kvardag. Ein som ser elevane for den dei er og er oppteken av å byggje gode relasjonar til elevane.
  • Er problemløysar, ser dei gode løysingane, har pågongsmot og viser dette gjennom initiativ og engasjement.
  • Grunna personalsamansetninga i lærarkollegiet vert menn oppmoda til å søkje.

Vi tilbyr

  • Eit trivleg arbeidsmiljø, gode pensjonsordningar i SPK og løn i tråd med tariff.

Kontaktinformasjon

Nina Olin Sæterøy, Rektor, 922 58 474, nina.olin.saeteroy@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Skulevegen 28
6296 Harøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 4884049169
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Harøy skule, Ålesund kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted HARØY (Adresse: Skulevegen 28 Postnr: 6296)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 28-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a8747ace-622f-40e8-a018-5d1cabe49569
IMPORTAPI