Geolog | Norges første gruve på 40 år – ENGEBØ RUTILE AND GARNET AS

Natur og miljø Naturvitenskapelige yrker

(1 dag siden)

  • NAUSTDAL
  •  Lagt til dato: 22. desember 2024
  •  Expire date: 24. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 22-12-2024
Deadline: Unknown

 

Geolog | Norges første gruve på 40 år

Mineraleventyret på Engebø treng ein geolog på teamet! Er det deg?

Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er i vekst og startar mineralproduksjon av titanråstoffet rutil i Q4 2024. No søker vi etter ein dyktig og engasjert geolog som vil vere med å bygge opp drifta frå grunnen av. Dette er ei stilling som gir deg ein unik moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på.
 

Prosessen består i å utvinne eklogittmalm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil og granat. Hovuddelane av prosjektet inkluderer dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipingsanlegg, der geologen vil spele ei sentral rolle i både dagleg drift og langsiktig utvikling.
 

For å styrke teamet søker vi etter ein kunnskapsrik og løysingsorientert geolog som kan bidra til å optimalisere ressursutnyttinga og sikre berekraftig drift. Du vil jobbe tett med fagpersonar frå fleire disiplinar og vere ein nøkkelperson i utviklinga av prosjektet.
 

Dine arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil i hovudsak vere:

  • Kartlegging og modellering av førekomsten.
  • Overvaking og optimalisering av dagbrotet for å sikre effektiv ressursutnytting.
  • Bidra til å vidareutvikle strategiar for berekraftig mineralutvinning.
  • Delta i utvikling av geologiske planar for produksjon og langsiktig drift.
  • Jobbe med prøvetaking, analyse og rapportering av geologiske data.
  • Samarbeide med HMS- og tekniske team for å sikre sikker og effektiv drift.
  • Bidra med fagleg støtte til prosjektleiing og planlegging.

 

Vi ser etter deg som har:

  • Bachelor eller mastergrad i geologi eller relaterte fagfelt.
  • Erfaring frå mineralutvinning, gruveindustri eller tilsvarande er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Interesse for og kunnskap om berekraftige løysingar innan ressursutvinning.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg.
  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig, samtidig som du trivst i eit team.

 

Vi tilbyr:

  • Arbeid i flotte, nye kontor- og produksjonslokale på Engebø.
  • Ein spennande arbeidskvardag der du får vere med frå starten og bygge noko unikt.
  • Høve til personleg og fagleg utvikling i ei internasjonal og mangfaldig bedrift.
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på balanse mellom jobb og fritid.

 

Du vil bli ein del av eit nytt team på ca 80 tilsette frå fire kontinent, med eit breitt spekter av bakgrunnar og erfaring. Vi er stolte av å ha ei jamn kjønnsfordeling, noko som er unikt i vår bransje.
 

Noko for deg?

Send inn ein enkel søknad i dag! Vi vurderer kandidatar og kallar inn til intervju fortløpande.

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt – vi ser fram til å høyre frå deg!

Kontakt Svein Erik Haugan så får du meir informasjon. 
sveinerik@teamonorso.com | Tlf 966 45545

TEAM NORSO hjelper Nordic Mining og Engebø Rutile and Garnet med å finne den rette kandidaten til denne stillingen. 
 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver ENGEBØ RUTILE AND GARNET AS orgnr: 915573983
Kort om arbeidsgiver «Engebø Rutile and Garnet er et datterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er en hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driver en bærekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i en av verdens største forekomster av titanråstoffet rutil.

I Engebø Rutile and Garnet er vi opptatt av at verdiskapningen skal skje der ressursene er, både når det gjelder å skape lokale arbeidsplasser, utvikle innovative løsninger og bidra i lokalsamfunnet. Folkene i organisasjonen er nøkkelen til å få dette til.»

Webside https://www.engeboprosjektet.no/kontakt/
Bransje Natur og miljø
Yrke Naturvitenskapelige yrker
Sted NAUSTDAL (Adresse: Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal Postnr: 6817)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/04b7484c-9a94-4f2e-8107-43326bc595a1
IMPORTAPI