Stillingsbeskrivelse

Published 09-07-2024
Deadline: 14-08-2024

 

Gaular i Sunnfjord kommune har ledig stilling som

Sunnfjord kommune har 22 500 innbyggarar, og ligg i Vestland fylke. Sande, den største tettstaden i området Gaular, ligg sentralt i kommunen, like ved E39 ca. 20 min i bil frå kommunesenteret Førde.

Gaular har ein relativt kompakt geografi. Frå Sande er avstandane til dei ytste gardane/bygdene som følgjer:

  • Laukeland ca. 25 km
  • Bjørvikstranda ca. 18 km
  • Dregebø ca. 12 km
  • Mjell ca. 34 km
  • Vikum ca. 35 km
  • Langeland ca. 11 km

Det er tre andre veterinærar tilsett i Sunnfjord kommune (Naustdal, Førde og Jølster). I tillegg er det 4 veterinærar ved EMPET sin smådyrklinikk i Førde og ein sjølvstendig veterinær som deltek i dagpraksisar og vakt.  

Omtale av stillinga:

  • 20 % stilling i Sunnfjord kommune.
  • Deltaking i vaktordning for vaktdistriktet Førde-Gaular-Jølster. Forplikta til 3-delt vakt, saman med 6 andre veterinærar.
  • Sjølvstendig dagpraksis som veterinær og semin-ansvarleg for Gaular.
  • Høve til avlasting i dagpraksis (via veterinær Irene Nergård).
  • Viss ønskeleg: mentorordning/rettleiing via dagens veterinærar i vaktdistriktet Førde-Gaular-Jølster.

I dagpraksis vil du ha ansvar for veterinær- og semintenester til 113 bønder i Gaular. Av desse er 36 mjølkeprodusentar. I tillegg nokre hesteeigarar. Per i dag er husdyrtala i Gaular som følgjer:

  • 855 mjølkekyr
  • 2072 andre storfe/ammekyr
  • 141 geiter
  • 3370 sauer
  • 45 hestar

 

Søkar må ha:

  • utdanning som veterinær
  • kompetanse på stordyr
  • førarkort for bil (klasse B) og disponere eigen bil
  • eige veterinærutstyr (i ein oppstartsperiode kan vi eventuelt ordne med lån av utstyr)

 

Søkar bør ha:

  • semin-utdanning ( dersom ein ikkje har det vil det vere krav om å gjennomfør semin-kurs ved fyrste høve)
  • smådyrkompetanse (i samband med deltaking i vaktordning)
  • gode norsk kunnsskapar munnleg og skriftleg (helst nynorsk)
  • kunnskap om vaktområde Førde, Gaular, Jølster

 

Du søkjer elektronisk. Velkommen som søkar! 

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnfjord kommune Landbruk og miljø orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted FØRDE (Adresse: Hafstadvegen 42 Postnr: 6800)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 14-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f6b7567e-ee24-495f-ac35-812a60a6fdc1
IMPORTAPI