Fysioterapeut – Barn, familie og helse, Giske kommune
Health and social care Fysioterapeut(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 16-12-2024
Deadline: 06-01-2025
Fysioterapeut
Giske kommune har ledig 50 % engasjementstilling som fysioterapeut frå snarast og t.o.m. 31.08.2025.
Giske kommune har som mål at eldre skal få bo lengst mogleg i eigen heim ved hjelp av eigne ressursar, det er derfor ønskjeleg at du har erfaring eller interesse for opptrening av eldre og gjerne erfaring med kvardagsrehabilitering Arbeidsoppgåvene vil hovudsakeleg være forbygging med fokus på funksjons- og balansetrening samt kartlegging og opptrening i heimen etter sjukehusopphald.
I Giske kommune er vi opptatt av å levere gode kvalitative tenester til brukarane i kommunen og sjølvstendig arbeid i kombinasjon med tverrfaglig samarbeid er derfor viktig.
Fysio- og ergoterapiavdelingen i Giske kommune har kontor på Giske omsorgssenter på Valderøya og er organisert under eining Barn, familie og helse. Vi er for tida 4 fysioterapeuter i 3,5 årsverk samt 1 ergoterapeut i 1 årsverk.
Er du ein person som kan arbeide sjølvstendig og i team? Likar utfordringar, er strukturert, målretta og er på utkikk etter en spanande og lærerik arbeidskvardag? Då er det akkurat deg vi søkjer.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Kurativt arbeid som fysioterapeut
- Rettleiing av brukarar, pårørande og anna personell
- Trening i daglige aktiviteter, habilitering og rehabilitering
- Individuell behandling samt oppfølging i grupper
- Halde seg fagleg oppdatert
- Fagleg utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskuleutdanning- autorisert fysioterapeut
- Relevant yrkeserfaring
- Det er ønskelig med erfaring frå liknande arbeid
- God digital kompetanse
- Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil i tenesta
Personlege eigenskapar
- Er engasjert og løysingsorientert
- Har evne til å arbeide strukturert og målretta for å oppnå gode resultat
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Trives med å jobbe sjølvstendig og i team
- Er fleksibel
- Er fagleg oppdatert og utviklingsorientert
- Har godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
- Godt arbeidsmiljø med kollegaer med god kompetanse og erfaring
- Godt tverrfagleg samarbeid i ei utviklingsorientert kommune
- Moglegheite til å påvirke din egen arbeidshverdag
- Moglegheite til å utvikle fysioterapitilbudet i Giske kommune
- Fleksitidsordning
Kontaktinformasjon
Gitte Myklebust, avdelingsleiar, 95990838
Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234
Arbeidsstad
Skomakarvegen 1
6050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 4897291930
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Søknadsfrist: 06.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Barn, familie og helse, Giske kommune orgnr: 987975636 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
|
Webside | http://www.giske.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Fysioterapeut |
Sted | VALDERØYA (Adresse: Skomakarvegen 1 Postnr: 6050) |
Stillingstype | Engasjement Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-01-2025 |