Fysioterapeut 50-100% fast stilling – Bokn kommune Helse- og omsorg

Health and social care Fysioterapeut

(4 dager siden)

  • BOKN
  •  Lagt til dato: 20. mars 2025
  •  Expire date: 21. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 20-03-2025
Deadline: 21-04-2025

Fysioterapeut 50-100% fast stilling

Fysioterapeut 50-100% fast stilling

Om arbeidsstaden

Eining for helse og førebyggjande tenester består av psykisk helse- og rusteneste, fysioterapeut, friskliv-, læring og meistring. Eininga er lokalisert på Boknatun.

Arbeidsoppgåver i stillinga

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til arbeid med å hjelpe barn og vaksne med nedsett funksjon, slik at desse opplev mest mogleg meistring og fungering i kvardagen, samt fokus på førebyggjande arbeid.

–          Oppgåver knytt til hjelpemiddel

–          Syn- og høyrsels kontakt, dette i samarbeid med ergoterapeut

–          Samarbeid med ulike einingar i kommunen

–          Bidra til utvikling av tenesta

For oss er det viktig at det arbeidet vi utfører har høg kvalitet. I vår arbeidskvardag støtter vi oss difor på faglege retningslinjer, forsking og erfaring.

Kompetansekrav

–          3 -årig vidareutdanning på høgskule som fysioterapeut

–          Erfaring frå arbeid med barn og/eller vaksne

–          Kommunikasjonsferdigheiter og evne til å motivere

–          Sertifikat klasse B

–          God munnleg og skriftleg norskkunnskap

Personlege eigenskapar

Vi er på utkikk etter ein person som er sjølvstendig, imøtekommande, samarbeidsvillig, kreativ og fleksibel, og som har eit positivt menneskesyn.

Arbeidsgjevar tilbyr:

–          Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale

–          Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer

–          Stor påverknadskraft og å ha ei sjølvstendig rolle

–          Moglegheit for personleg og fagleg utvikling

Kvar skal du sende søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem – www.bokn.kommune.no – «ledige stillingar». Attestar og vitnemål treng ikkje leggast ved søknaden, men tas med på eit eventuelt intervju. Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bokn kommune Helse- og omsorg orgnr:
Kort om arbeidsgiver Seksjonen helse og omsorg er inndelt i to ulike einingar og består av pleie- og omsorg og helse. Under pleie og omsorg har vi sjukestova, kommunal institusjonskjøkken, heimetenester og Bu- og aktivitet.

Under avdeling helse har vi legekontor, ergo- og fysioterapiteneste og psykisk helse- og rusteneste.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Fysioterapeut
Sted BOKN (Adresse: Boknatunvegen 37 Postnr: 5561)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fcf16c62-ea62-4117-92aa-828f8144592b
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31