Fysioterapeut, 100% fast stilling – Gulen kommune
Health and social care Fysioterapeut(5 måneder siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 23-06-2024
Deadline: Unknown
Fysioterapeut, 100% fast stilling
Om stillinga
Vil du verte vår nye fysioterapeut med spanande og varierte arbeidsoppgåver? Sjekk ut denne annonsen og søk då vel! Gulen kommune har oppretta ein ny 100% fast stilling som fysioterapeut, med tilsetjing frå snarast/etter avtale.
Gulen kommune er ein god stad å bu og arbeide, og me ynskjer deg hjarteleg velkomen.
Gulen kommune har i dag to fysioterapeutar, kor delar av tilbodet er via driftstilskot, og ein ergoterapeut. Vår nye kommunale fysioterapeut vil verte ein del av eit godt fysio/ergoterapeutfelleskap, og vil yte teneste i heile kommunen. Tenesta har i dag tett samarbeid med heimebaserte tenester og sjukeheim. Arbeidskvardagen vil vere varierande med oppfølging av ulike aldersgrupper både ved kontorstaden ved Gulen sjukeheim, men også med heimebesøk. Tenestene er organisert under eining helse, som også inneheld andre kurative tenester.
Arbeidsoppgåver
- Pasientbehandling og oppfølging på individ- og gruppenivå
- Kartlegge funksjonsnivå og hjelpebehov av brukarar
- Deltaking i individuelle behandlingsplanar
- Førebyggjande arbeid/folkehelsearbeid
- Vere med å vidareutvikle fysioterapitenesta
- Opplæring av tilsette
- Delta i aktuelle prosjekt
- Hjelpemiddelformidling (bestille, tilpassing, tilbakelevering, kommunalt lager)
- Arbeidsoppgåver innan kommunal koordinatorfunksjon er lagt til tenesta
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som fysioterapeut
- Ynskjeleg med erfaring frå arbeid som fysioterapeut
- Ynskjeleg med erfaring frå søknadsprosess i høve NAV/hjelpemidlar
- Har førarkort klasse B
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
-
God relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel, strukturert og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Kan arbeide både sjølvstendig og i team
- Har evne til å skape tillit og jobbe med endring
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Gulen kommune orgnr: 914309506 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
|
Webside | https://www.gulen.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Fysioterapeut |
Sted | EIVINDVIK (Adresse: Eivindvikvegen 1119 Postnr: 5966) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | Unknown |