Stillingsbeskrivelse

Published 25-06-2024
Deadline: 21-07-2024

 

Fyrstekonsulent/rådgjevar ved Sogn og Fjordane friomsorgskontor i Florø

Fast 100 % stilling

Friomsorgen i Sogn og Fjordane har hovudkontor i Florø og lokalkontor i Sogndal.  Vi er 14 tilsette og høyrer til Kriminalomsorgen region vest, som har eit overordna ansvar for straffegjennomføring i fylka Vestland og Møre og Romsdal.  Region vest har omlag 500 tilsette, og administrerer fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og eit senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Kriminalomsorgen region vest er underlagt Kriminalomsorgsdirektoratet.
 

 

Du vil vere ein viktig og sentral bidragsytar til at eininga vert drifta og utvikla i tråd med dei målsettingane og krava som gjeld for straffegjennomføring og for førebygging av tilbakefall til kriminalitet.  Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande, og vi legg vekt på å ha eit stimulerande og fagleg godt arbeidsmiljø. 
 

Arbeidsoppgåver

  • følgje opp domfelte som gjennomfører straff i samfunnet; samfunnsstraff, program mot ruspåvirka kjøring, møteplikt ved prøvelauslating, narkotikaprogram med domstolskontroll, soning i institusjon og oppfølging av bøtelagde
  • samarbeid med konfliktråda om ungdomsoppfølging og ungdomsstraff
  • utarbeiding av personundersøkingar til bruk i straffesaker
  • koordinere og formidle kontakt mellom domfelte og hjelpeapparatet 
  • etablere kontakt med oppdragsgjevarar for samfunnsnyttig tjeneste

     

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • relevant høgskule- eller universitetsutdanning på bachelornivå, fortrinnsvis bachelor i sosialt arbeid eller barnevern
  • gode munnlege og skriftlege evner til formidling
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • god datakunnskap 
  • førarkort klasse B

Det er ønskeleg at du har

  • erfaring frå sosialt arbeid, rus og psykiatri
  • erfaring frå sakshandsaming
     

 

Du må vere

  • sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
  • i stand til å planleggje og strukturere i ein arbeidskvardag med mange oppgåver og prosessar
  • i stand til å motivere domfelte i sitt endringsarbeid
  • ein aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

 

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • fleksibel arbeidstidsordning

    Stillinga blir lønt som kode 1408 fyrstekonsulent, frå kr. 466 600–584 500 per år, eller kode 1434 rådgjevar, frå kr. 548 600–745 000 per år. For innplassering i stillingskode 1434 rådgjevar krevst minst 3 års relevant erfaring. Endeleg lønsplassering blir gjennomført på bakgrunn av kvalifikasjonar og ansiennitet. 

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til friomsorgsleiar Katrine Heggø, tlf. 95 72 83 82.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogn og Fjordane friomsorgskontor orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS, og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

 

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Organisasjonsarbeid og politikk
Sted FLORØ (Adresse: Strandavegen 13 Postnr: 6906)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e031a98c-8b6b-4dcf-8cf4-240051e67a6f
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/264198