Funksjonsleiar/sjukepleiar ved kirurgisk og sår poliklinikk – Kirurgisk avdeling Stord, Helse Fonna HF
Sales, retail and retail trade Personlig tjenesteyting(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 18-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Funksjonsleiar/sjukepleiar ved kirurgisk og sår poliklinikk
Er du på jakt etter nye utfordringar ?
Då har vi ledig ei spanande stilling som funksjonsleiar for vår polikliniske verksemd i Kirurgisk avdeling ved Stord sjukehus. Stillinga er delt, der 20 % er knytt til drift og 80 % til Funksjonsleiar. Vi gjennomfører ei organisasjonsendring der vi no slår saman kirurgisk poliklinikk og sår poliklinikk til ei eining. Vi søkjer derfor etter deg som ønskjer å vere med å bygga saman og utvikla denne nye eininga framover.
Vi søker deg som er opptatt av leiing, HMS og kvalitetforbedring.
Du vil som funksjonsleiar for kirurgisk og sår poliklinikk, ha ansvar for drifta ved poliklinikken i tett samarbeid med timekontor og ressursplanleggar.
Funksjonsleiar ved kirurgisk og sår poliklinikk har tett dialog med legegruppene innan Ortopedi, Generell /Gastro kirurgi, Urologi, Kar kirurgi i tillegg til Lis 2 og Lis 1. I tillegg vil du samhandle med andre leiarar ved sjukehuset.
Det arbeider både sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Personalansvar som næraste leiar for medarbeidarane i eininga
- Bidra til fagleg fokus og utvikling i avdelinga.
- Utarbeiding av rutiner i samarbeid med tilsette i avdelinga
- Ansvarleg for å involvere og fylgje opp medarbeidarane og pasientbehandlinga i avdelinga.
- Fokus på kvalitet og internkontroll
- Funksjonsleiar rapporterer direkte til Avdelingsleiar for Kirurgisk avdeling.
- Delta i drifta på poliklinikken som sjukepleiar i 20% av stillinga.
-
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Leiarerfaring kan vere ein fordel
- Erfaring frå liknande poliklinisk verksemd er ein fordel
- Kjennskap til lov og avtaleverk
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er:
- Positiv og nytenkjande
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Har gode leiareigenskapar
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- God på kommunikasjon og samarbeid
- Likar å arbeide i eit travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Relavant opplæring
- Fagleg og personleg utvikling
- Vi kan tilby ein spanande arbeidskvardag der ingen dagar er like .
- Avdelinga har erfarne tilsette med lang ansiennitet i avdelinga, ei avdeling med høg kompetanse.
- Støtte til leiarutdanning
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Aud Lisa Kjøl, Avdelingsleiar, 41249100, aud.lisa.kjol@helse-fonna.no
Arbeidsstad
tysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4898322879
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 10.02.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kirurgisk avdeling Stord, Helse Fonna HF orgnr: 974742985 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
|
Webside | |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Personlig tjenesteyting |
Sted | STORD (Adresse: tysevegen 64 Postnr: 5416) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 10-02-2025 |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |