Stillingsbeskrivelse

Published 02-01-2025
Deadline: 26-01-2025

 

Funksjonsleiar, Allmennpoliklinikk BUP-Stord

Vil du vere med å sikre barn og unge den helsehjelpa dei treng, når dei treng det?

Allmennpoliklinikken for barn og unge (BUP) gir spesialistheilsetenestar til barn og unge (0-18 år) i eit sterkt tverrfagleg miljø med høg spesialistkompetanse.

Som funksjonsleiar har du fag- og personalansvar, og du er avgjerande for kvaliteten i pasientbehandlinga, samhandlinga med primærhelsetenesta og utviklinga av tilbodet vårt. Du leiger eit engasjert team av fagfolk, inkludert barnevernspedagog, lege, pedagog, psykolog, sosionom og sykepleiar, og jobbar tett med andre leiarar i avdelinga.

Rolla krev ei strukturert og involverande leiarform, evne til å sjå heilskap og god systemforståing. Du trivst med samarbeid, både internt og eksternt, og inspirerer andre til å jobbe mot felles mål. Vi tilbyr ei nøkkelrolle i ei avdeling som legg vekt på utvikling, samhald og gode arbeidsvilkår.

Vårt opptaksområde dekkjer seks kommunar i vakre Sunnhordland, med eit miljø prega av nærleik, lokalkunnskap og felles ambisjonar om å gjere ein forskjell.

Arbeidsoppgåver

  • Fag- og personalansvar for allmennpsykiatrisk poliklinikk 
  • Sikre god kvalitet i pasientbehandlinga
  • Pasientoppfølging både poliklinisk og ambulant
  • Sikre hensiktsmessig samhandling med primærhelsetenesta i opptaksområdet og andre einingar i klinikken
  • Stimulere til opplæring og utdanning
  • Sikre god koordinering av dagleg drift

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg eller sosialfagleg utdanning med vidareutdanning (psykisk helse)
  • Fortrinnsvis høgare helsefaglig profesjonsutdanning innan psykologi eller medisin
  • Erfaring og god klinisk kunnskap om psykisk helsevern
  • Relevant leiarerfaring
  • Erfaring fra systemarbeid og endringsprosessar

Personlege eigenskapar

  • Har evne til å planlegge og organisere arbeidet ditt på en strukturert og effektiv måte       
  • Er ein involverande og samlande leiar som byggjer team og fremjar samhald.
  • Har evne til å sjå heilskap og ein sterk systemforståing, med fokus på samanheng i tenestene.
  • Likar å samarbeide tett med tilsetje og leiargruppa for å oppnå felles mål.
  • Har gode ferdigheiter i kommunikasjon, både munnleg og skriftleg, til dømes i samhandling med eksterne partar, i klagesaker og liknande situasjonar.  
  • Er komfortabel med komplekse utfordringar og finne løysingar som krev gjennomføringsevne.
  • Er motivert av å utvikle både team og tenester som gir varige resultat for barn og unge.

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
  • Arbeid i tverrfagleg team.
  • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi dette til kjenne i søknaden.
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Stillinga er dagstilling, 37,5 timars veke.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

Kontaktinformasjon

Thomas Hasmo Eilertsen, Avdelingsleiar SDPS/BUP, 93455990, thomas.hasmo.eilertsen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4898402864
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stord DPS/BUP, Helse Fonna HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Webside
Bransje Industri og produksjon
Yrke Maskinteknikk og mekanikk
Sted STORD (Adresse: Tysevegen 64 Postnr: 5416)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0ae061b5-4821-4006-b4d6-ee7844c32129
IMPORTAPI