Førstetollinspektør/Rådgiver – Tolletaten

Security and readiness Politi fengsel og toll

(9 timer siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 18. desember 2024
  •  Expire date: 8. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 18-12-2024
Deadline: 08-01-2025

 

Førstetollinspektør/Rådgiver

Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. I tråd med verksemdsstrategien til etaten skal digital dialog og tidleg informasjonsinnhenting gi rask, effektiv og korrekt handtering av varestraumane. Brei og målretta verkemiddelbruk skal bidra til auka etterleving før, under og etter grensepassering.
 
Vareførselsdivisjonen (VD) skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar og er etablert med hovudkontor i Bergen. Divisjonen står framfor mange utviklingsoppdrag, og vi er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt.
 
Oppfølgingsavdelinga består av sju seksjonar og har nasjonalt fagansvar for å kontrollere den registrerte vareførselen. Målet er å etablere ein heilskapleg bruk av kontrollverkemiddel retta mot næringslivet for å sikre auka etterleving. Det skal skje i samarbeid med andre einingar og samarbeidande myndigheiter ved å bruke verkemiddel som informasjon, førebygging, etterretning, analyse og sanksjonering.
 
Seksjonen i Bergen skal gjennom effektive og målretta kontrollar av den registrerte vareførselen i Tolletatens deklarasjonssystem (TVINN) og ved etterkontrollar bidra til at oppfølgingsavdelinga når dei ønskte måla og resultata. Oppgåvene vil vere kontroll i notid og i ettertid, inkludert oppfølging og kontroll av at autorisasjonar og løyve blir etterlevde. I tillegg kontrollerer seksjonen grunnlagsdata og statistiske data, tollavgift, restriksjonar, ulovlege varer og etterleving av regelverk og prosedyrar i den registrerte vareførselen.
 
Vi søkjer no etter to nye medarbeidarar som har relevant erfaring med å kontrollere og rettleie omkring etterleving av regelverk.
 
Sentrale arbeidsområde:

  • Sikre at regelverk og prosedyrar for grensekryssande vareførsel blir følgde, mellom anna gjennom målretta kontroll av TVINN-deklarasjonar, til dømes ved å vurdere og verifisere deklarerte opplysningar mot framlagde dokument
  • Ha kontakt med næringslivet og samarbeidande myndigheiter
  • Delta i utviklings- og prosjektarbeid

 
Arbeidsoppgåvene vil variere i tråd med satsingane og prioriteringane som til kvar tid gjeld for seksjonen. Du må rekne med at det blir litt reising.
 
Kvalifikasjonskrav:

  • du har bachelorgrad innanfor det relevante fagområdet eller tollfagleg utdanning Asaman med svært god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelorgrad.
  • du har relevant arbeidserfaring.
  • det er ein fordel med kjennskap til TVINN/fortollingsprosedyrar.
  • vi vil leggje vekt på kjennskap til og interesse for arbeidsområdet.
  • vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

 
Vi søkjer deg som:

  • har gode samarbeidsevner, lyttar og bidreg til godt samarbeid
  • liker å ta initiativ og er løysingsorientert
  • trivst med å handtere fleire oppgåver samtidig
  • er strukturert og leverer innanfor gitte fristar
  • er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet 

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • intern opplæring
  • fagleg samarbeid både internt, i avdelinga og i Tolletaten
  • lønn som førstetollinspektør eller rådgivar, lønnsspenn på kr 520 000–580 000 avhengig av bakgrunn og kvalifikasjonar (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning med høve til å bruke ein time i veka til bevegelse i arbeidstida (BiA)
  • høve til å leige feriestadene til Tolletaten
  • arbeidsstad i moderne lokale i Solheimsviken, Bergen 

 
Vi nyttar SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. Du må kunne levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.
Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte seksjonssjef Kenneth Rastad på tlf. 928 08 535. 
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tolletaten orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted BERGEN (Adresse: Postnr: 5037)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1767b87d-650a-4b4a-82d1-f047c227cdb5
IMPORTAPI