Stillingsbeskrivelse

Published 10-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Førstekonsulent/Seniorkonsulent ved Studentopptak

Ved Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon, Eining for studentopptak, er det ledig 100% fast stilling som førstekonsulent/seniorkonsulent

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig ei fast stilling i 100% som førstekonsulent/seniorkonsulent knytt til arbeid med studentopptak. Stillinga høyrer til Avdeling for studieadministrasjon som har om lag 60 tilsette fordelt på alle dei fem studiestadane til HVL. Stillinga har arbeidsstad ved campus Haugesund.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Førebu og gjennomføre opptak av studentar til studiepoenggjevande studietilbod 
  • Sakshandsaming og rettleiing knytt til studentopptak
  • Samarbeid med fakulteta og andre einingar i fellesadministrasjonen 
  • Andre studieadministrative oppgåver 

 

Endring i arbeidsoppgåver må påreknast.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Bachelorgrad eller spesialistutdanning tilpassa dei oppgåvene som skal utførast. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for formell utdanning. 
  • Erfaring frå arbeid med studentopptak vil vere ein fordel. 
  • Erfaring med sakshandsaming i offentleg sektor, særleg frå universitet- og høgskulesektoren, vil vere ein fordel. 
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk.

Personlige eigenskaper: 

  • Positiv og imøtekommande 
  • Analytisk, initiativrik og med god gjennomføringsevne 
  • Evne til å tilpasse seg endringar og ny teknologi 
  • Vil bidra til det faglege og sosiale fellesskapet
  • God arbeidskapasitet

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førstekonsulent/seniorkonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 – førstekonsulent. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1363 – seniorkonsulent vurderast.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.  Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.  Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Høgskulen på Vestlandet orgnr: 874652032
Kort om arbeidsgiver

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Webside http://www.hvl.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted HAUGESUND (Adresse: Bjørnsonsgate 45 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/154074da-8fe0-4be6-b3a6-931a610f1ff2
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271950