Stillingsbeskrivelse

Published 01-12-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Førstekonsulent / seniorkonsulent – Eining for eksamen

Ved Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon, Eining for eksamen, er det ledig 100% vikariat som førstekonsulent/seniorkonsulent

Stillinga er knytt til Eining for eksamen som har ansvar for organisering og gjennomføring av eksamen ved høgskulen. Eining for eksamen har 27 fast tilsette, der to er knytt til campus Førde. Eksamensarbeid er i stor endring i forhold til digitale arbeidsprosessar og stillinga vil vere med å forme utviklinga av dette.

Stillinga har arbeidsplass på campus Førde og vikariatet er ledig i perioden frå januar 2025 til 31.12.2025.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Eksamensførebuande arbeid og gjennomføring av eksamen
  • Informasjons- og rettleiingsansvar knytt til eksamensrelevante spørsmål
  • Administrasjon av digitale student- og eksamenssystem
  • Sakshandsaming (søknads- og klagehandsaming av enkeltvedtak)
  • Samarbeid med fakulteta sine faglege og administrativt tilsette

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formalkompetanse
  • Erfaring frå liknande arbeid i universitets- og høgskulesektoren vert vektlagt
  • Erfaring med sakshandsaming og administrativt arbeid i offentlig sektor er ein fordel
  • Gode skriftlege og munnlege framsillingsevner
  • God digital forståing og kompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel, sjølvstendig og med gode samarbeidseigenskapar
  • Trivast med å jobbe i eit hektisk miljø
  • Serviceinnstilt
  • Løysingsorientert og systematisk

Vi tilbyr:

  • Ein interessant stilling med varierte arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving – og utvikling
  • Fleksitid og gode velferdsordningar
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førstekonsulent/seniorkonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 – førstekonsulent. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1363 – seniorkonsulent vurderast.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til bruk i handsaming av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Einingsleiar Gunhild Raunsgard
     E-post gunhild.raunsgard@hvl.no
     Tlf.: 55 58 76 28 / 920 36 654

2)  Avdelingsleiar Espen Fosse
      E-post espen.fosse@hvl.no
      Tlf.: 52 70 26 16 / 917 59 332  

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Høgskulen på Vestlandet orgnr: 874652032
Kort om arbeidsgiver

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Webside http://www.hvl.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 1 Postnr: 6803)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3bb72ac0-f4b5-4f19-a1af-0b86ef000469
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271392