Forskningsmedarbeidar – Onkologisk post Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(18 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 09-01-2025
Deadline: 23-01-2025
Forskningsmedarbeidar
Vil du vere med å bygge den beste klinikken?
Forskning er ein av dei fire kjerneoppgåvene til HMR, og Kreftavdelinga ønsker sterkt å bidra til dette. Kreftavdelinga har dei siste åra arbeida med styrking av eigen forskningsstruktur og forskningskompetanse/aktivitet.
Vi lyser ut eit engasjement på 50 % stilling over 3 år som forskningsmedarbeidar innan fagfeltet onkologi. Det er forutsatt at den som får stillinga samarbeider nært med øvrige forskningsaktivitetar, spesielt på tvers av eigen klinikk og med Klinisk forskningspost. Den midlertidige stillinga er tilknytta forskningsmidlar.
Tilsetting så snart som mogleg.
Ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Delta i og leie koordinering av kliniske studier
- Praktisk forskningsarbeid slik som utfylling eCRF, innsamling av biologisk materiale, innsamling av pasient rapporterte data (PROMs), inklusjon av studiedeltagere
- Sekretariatfunksjon for klinikken sin forskningskomite og andre aktuelle forskningsnettverk
- Leie nettverksbygging for forskningskoordinering på tvers av foretaket
- Bidra med praktisk støtte til enkeltforskere/forskningsmiljø i klinikken
- Bidra som kontaktpunkt mot samarbeidande forskningsmiljøer
Kvalifikasjonar
- 3 årig bachelor innan helsefagleg utdanning
- Relevant vidareutdanning og/eller utdanning på masternivå kan vere ein fordel
- Kjennskap til helseforetak generelt og HMR spesielt
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- God IKT-kompetanse
- Det kan vere ein fordel at du har formell forskningskompetanse
- Det kan også vere ein fordel om du tidligere har deltatt i forskning – spesielt klinisk forskning
Personlege eigenskapar
- Du arbeidar strukturert, er ryddig og nøyaktig i arbeidet ditt
- Du er pasientorientert og framtidsrettet
- Du viser fagleg engasjement i ditt arbeid
- Du er fleksibel, initiativrik og endringsvillig
- Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø og har god evne til samarbeid
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Liv Bodil Angvik Ipsen, Seksjonsleiar, +47 70106985, Liv.Bodil.Angvik.Ipsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4903737219
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Søknadsfrist: 23.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Onkologisk post Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017) |
Stillingstype | Engasjement Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 23-01-2025 |